Fjordkysten & Sunnfjord strekk seg frå breen i aust til fjorden og øysamfunna i vest. Avstandane er korte mellom dei store opplevingane. Her finn du vakker urørt natur, god plass, tusenvis av øyer, tronge fjordar, brear, fossefall og mektige fjell som stig rett opp frå havet.
Regionen har ei rik og spennande historie, med spor heilt tilbake til steinalderen. Her kan du besøke eitt av dei største helleristningsfelta i Norge – Ausevika, eller dei største steinbrota frå vikingtida og mellomalderen i Hyllestad. På Sagaøya Kinn kan du besøke den sagnomsuste Kinnakyrkja frå 1100-talet. Astruptunet i Jølster og Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde byr på eit vidt spenn av kunstnarlege inntrykk, i tillegg til fleire galleri og museum i heile regionen.
Ta med deg kajakken, sykkelen, fjellstøvlane og fiskestonga! Fjordkysten & Sunnfjord er som skapt for eventyr!