Annonser

Bergbileta i Ausevik - eit eineståande kulturminne

Tidleg på 1930-talet meldte grunneigar Tor Grønevik frå om det store helleristingsfeltet i Ausevik etter å ha sett bilete frå Vingen i lokalavisa. Det viste seg å vera eitt av dei største og mest spanande felta med bergbilete i Noreg.

Bergbileta i Ausevik
Bergbileta i Ausevik

 

Ausevik ligg på sørsida av Høydalsfjorden, nedanfor Skålefjellet. Dette fjellet dannar avslutninga på eit fjellområde som strekkjer seg heilt inn til Jotunheimen, og er difor eit naturleg vandringsområde for storvilt på trekk mellom kyst og innland. Gjennom fleire tusen år har menneska uttrykt og formidla idear og tankar gjennom bilete. Bergbileta i Noreg finn vi som helleristningar på berg, steinblokker og mindre steinar og som maleri i holer og hellarar. Helleristningar er bilete som er hogd eller slipt inn i stein eller fjell. Det er to hovudkategoriar helleristningar i Noreg. Dette er veideristningar som blir assosiert med jakt- og fangstsamfunn i steinalderen (10000 – 1800 f.Kr.), og jordbruksristningar som blei laga av ei befolkning som hadde jordbruk som næringsveg (opptrer frå kring 1800 f.Kr.). Veideristningane i Ausevik kan tidfestast til steinalder, truleg siste del av eldre steinalder (kring 4000 f.Kr.). Det er kjent ei rekkje buplassar frå steinalderen i nærområdet til helleristningsfeltet i Ausevik. Ein av desse ligg på same staden som tunet på Ausevik ligg i dag.

Ausevik er eitt av dei største og mest særprega felta med bergbilete i Sør-Noreg

 

På helleristningsfeltet, som er i overkant av 1500 m², er det registrert kring 350 figurar. I tillegg trur ein at det kan finnast fleire figurar som i dag ikkje er avdekka. Bergbileta i Ausevik er blant dei mest samansette når det gjeld stil, val av motiv og figurkombinasjonar. Figurane skil seg ut frå det som er vanleg i bergkunsten, og speglar eit anna tradisjonsmønster enn det vi kjenner frå andre delar av landet. Geometriske teikn, spiralar og labyrintar finn ein over heile feltet. Her er også representert ein rekke menneskefigurar i tillegg til hjorten. Det er tydeleg at hjortedyret hadde ein viktig plass i kulturen her for omlag 6000 år sidan.

Bergbileta – innsyn i folks førestillingsverd i steinalderen

 

Bergbileta i Ausevik blei laga av jeger- og fangstfolk i steinalderen. Dei viser først og fremst ein del av menneska si tru, førestillingar og ritual, og dei var kanskje element i myter eller historier. Men bergbileta fortel også om dei naturlege omgjevnadane og ressursgrunnlaget gjennom dyrelivet som er avbilda. Vi veit ut frå funn av beinmateriale på buplassar at til dømes fisk har vore ein viktig ressurs i matvegen, medan det på helleristningane i Ausevik i all hovudsak er hjorten som er avbilda. I steinalderen låg helleristningane i Ausevik nærare sjøen, på svaberga i strandsona. Etter kvart som landet heva seg og nye glatte svaberg kom til syne, tok ein desse i bruk til å lage helleristningar på. I dag ligg bergbileta mellom 10 og 15 meter over havet.

Ausevika hefte

Les meir  om Helleristingane i Ausevik i pdf-brosjyren.

Sist oppdatert   30.11.2009  
RELATERTE PRODUKTER

ausevika1

Flora

Ausevika Helleristningsfelt

Ausevika er eit av dei største helleristningsfelta i Norge. Ausevika ligg under Skålefjellet, som reiser seg mot sør i nærare 800 m høgde. Dette fjellet dannar avslutninga på eit fjellområde som strekkjer seg heilt inn til Jotunheimen, og er difor eit...

Copyright © Vestkysten Reiseliv AS

Bremanger

Vingen Helleristningsfelt

Inst i den tronge Vingenpollen, med bratte fjell ikring, ligg Vingen, eit av dei største og mest særmerka helleristningsfelt i Nord-Europa. Her finn ein mellom 1000 og 1500 figurar, truleg laga av veidefolk i yngre steinalder (omlag 4000 - 6000 år...


Stavøy Alden

Flora

Rundtur med bil: Kystkontraster – Sunnfjord i eit Nøtteskal

Denne flotte rundturen kombinerar fjell, dalar og gardsliv med kysbygder med utsikt mot åpne havet – essensen av Fjordkysten! <iframe width="580" height="350" frameborder="0" scrolling="no" marginheight="0" marginwidth="0"...


Flora Turistkontor Strandgata 30 N-6900 Florø Tlf: +47 57 74 30 00 Email: mail@fjordkysten.no ; Stiftinga Jensbua, Postboks 24, N-6961 Dale Tlf: +47 57 73 90 20 Email: stiftinga@jensbua.no