Annonser

Opplev FjordKysten og Sunnfjord

Sunnfjord og FjordKysten byr på eineståande opplevingar i Sogn og Fjordane. Utforsk den varierte naturen med høge fjell, isbrear, vakre fjordar, kvite strender og eit mylder av øyar i havgapet. Regionen er eit eldorado for aktiv ferie, enten du vil vandre, fiske, padle i kajakk eller dykke. Regionen omfattar kommunane Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Gaular, Jølster, Førde, Naustdal, Flora og Bremanger.  

Velkomen til Sunnfjord og FjordKysten!
Foto: Anita Schinharl
Velkomen til Sunnfjord og FjordKysten!

Eit eventyr
Anten du likar mykje spenning og aktivitet eller kanskje du i staden søkjer fred og ro, har regionen noko for alle. Den aktive finn eit eldorado for fysiske aktivitetar i heile regionen. Du kan surfe på store havdønningar, padle mellom øyane, legge ut på fartsfylt havrafting eller elverafting, ta fotturar høgt til fjells eller sykle over øyar og fastland på spanande ruter. Den som søkjer avslapping, treng ikkje leite lenge etter fred og ro. På nærast urørte stader kan du finne den unike fiskestaden, den flotte badestranda eller den lune båtplassen. Du kan òg velje ein fyrferie som inkluderer overnattingar med historisk sus og flotte naturopplevingar. Å bruke båt er den flottaste måten å oppleve FjordKysten på. Innan korte avstandar kan du oppleve mange ulike øyar med eit særeige kulturlandskap, fyrtårn, skjergardar, fjordarmar og ikkje minst mange historiske stadar. Øyhopping er eit av tilboda i sommarsesongen som er lett tilgjengeleg frå Bergen, Sogn, Florø, Nordfjord og Askvoll.

Når du trur du har sett alt
Der er mykje meir å oppleve her i verda enn verdsmetropolar og tropisk klima. Regionen held på mange hemmelegheiter som du kanskje ikkje ein gong visste kunne leie til spanande opplevingar. Ei vandring langs kysten tek deg til det vestlegaste ytterpunktet i Norge. Det milde klimaet og dei rike naturressursane har skapt eit kulturlandskap som er eventyrleg å reise gjennom. Kystperlene finn du på øyar og på fastlandet, med levande sjøhusmiljø og hyggjelege hamner. Opplev havets festbord med dei ferskaste råvarene, smak på nydeleg villsau eller friske, dampa blåskjel. Ta overnattingane på rorbuer eller fyr, besøk verneverdige, historiske bygningar og sjå merkje etter menneska som levde her før i tida.

Naturen
Kyststrekninga er prega av eit maritimt miljø knytt opp mot fiske, oppdrett og verftsindustri. Førde er rik på handel og er den største handelsstaden mellom Bergen og Ålesund. Regionen inneheld elles eit aktivt og levande næringsliv innan mange ulike bransjar, der reiselivsbransjen er på frammarsj. Landskapet i dette området er vitner for naturkreftene som rår; - frå lune vikar med krittkvit sand og krystallklart reint vatn, til Nord-Europas høgaste sjøklippe Hornelen i Bremanger (860 moh). Her heiter det seg at heksene dansa både jonsokaftan og julaftan.

Fosseheimen i Sunnfjord består av til samen 50 fossefall langs dei tre vassdraga Jølstra, Gaula og Nausta. Det verna Gaularvassdraget er den mest kjente delen av Fosseheimen. Her finn du ein 21 kilometer lang tursti som går langs fossar og ville stryk. Brua over Likholefossen ligg midt i dalen og er eit populært utgangspunkt for turar på fossestien. I 2012 fekk vegen over Gaularfjellet (Fv 13) status som Nasjonal Turistveg.

Regionen har eit rikt og variert kulturliv. Vi finn mange kulturpersonlegdomar frå denne regionen. Døme på dette er diktaren Jakob Sande, kunstnarane Nikolai Astrup og Kjartan Slettemark og skodespelaren Alfred Maurstad.

Attraksjonar er det mange av frå Kinnakyrkja i Flora og Hestad Kapell i Gaular til Nordsjøporten mellom Bulandet og Værlandet , Astruptunet i Jølster, Utvær fyr i Solund, Kalvåg i Bremanger og Gulatinget, "demokratiets vogge."

Sist oppdatert   29.10.2014  
RELATERTE PRODUKTER

Copyright © Finn Loftesnes

Jølster

Astruptunet

Astruptunet var målaren og grafikaren Nikolai Astrup (1880 - 1928) sin heim dei siste 14 åra han levde, og du finn det slik det var då Astrup budde der. Løa blei riven og bygd opp att til eit galleri, men med same utsjånad som den gamle løa. Galleriet...
Adresse: 6847 Vassenden
Telefon: +47 57 82 50 40
E-post: solveig@misf.no

Copyright © Vestkysten Reiseliv AS

Bremanger

Hornelen

Den sagnomsuste fjellklippa ligg tvers over fjorden frå Vingenfeltet. I eldre tid vart fjellet omtala som Smalsarhorn. Mange segn er knytt til dette fjellet som er Europa si høgste sjøklippe. Med sine 850 m over havflata ruvar det godt i landskapet, og...
Adresse: Berle, 6727 Bremanger
Telefon: 57 79 37 50
E-post: info@visibremanger.no


Gaularfjellet

Gaular

Nasjonal Turistveg Gaularfjellet

Gaularfjellet - i Fosseheimen Nasjonal turistveg Gaularfjellet går fra Moskog i Førde kommune over Røvikfjellet til Viksdalen, deretter går vegen over Gaularfjellet til Dragsvik, nær Balestrand ved Sognefjorden. Vegen mellom Sande og Viksdalen har i...
Adresse: 6973 Sande i Sunnfjord
Telefon: +47 57 61 27 84
E-post: post@sunnfjord.no

Grotlesanden

Bremanger

Grotlesanden

Grotlesanden er ei av dei største sandstrendene i Ytre Bremanger. Her er silkemjuk sand så langt auge rekk. Grotlesanden er ein attraksjon i fint vær, men er kanskje endå meir fasinerande i styggevær når stormen bryt innover. <embed...
Adresse: Grotle, 6727 Bremanger
Telefon: 57 79 37 50
E-post: info@visitbremanger.no


Copyright © Førdefestivalen

Førde

Hafstadkleiva i Førde

Hafstadfjellet er eit fjell i Førde på 706 moh. Hafstadkleiva er ein tur- og mosjonsløype som startar i krysset ved Fjellvegen (E39) og Langebruvegen i Førde sentrum, rett ved Førde rådhus. Løypa går meir eller mindre rett opp brattaste lia mot toppen av...
Adresse: 6800 Førde
Telefon: +47 57 72 19 51
E-post: post@sunnfjord.no

Kinn

Flora

Kinnakyrkja

Kinnakyrkja Kinnakyrkja er bygd i stein, truleg ein gong på 1100-talet. Det er den eldste og einaste i sitt slag i Sunnfjord, og eit av dei flottaste mellomalder-monument på Vestlandet. Ho var hovudkyrkje i Kinn prestegjeld fram til 1882, då det vart...
Adresse: 6912 Kinn
Telefon: 91581178
E-post: gry.seim@online.no


Copyright © Britt Marie Kringlen

Naustdal

Tursti: Kringla - Vindkjegla

Følg stien langs elva og sidan på stølsvegen til Kringlestølen. Bratt og steinete sti men den er forholdsvis lettgått. Sidan i flatare terreng til Mallasvikstølen, 200 m. forbi stølen deler stien seg. Ta til høgre og gå over elva og mot Fjellsenden. Her... Telefon: +47 57 72 19 51
E-post: post@sunnfjord.no

Utvær

Solund

Utvær

Utvær, som ligg 8 km vest for Ytre Sula, er Norges vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet. Staden har både historisk sus og ein natur som fengjer. Utvær er eit gamalt fiskevær. Det er ingen fastbuande der i dag, men om sommaren er...
Adresse: 6924 Hardbakke
Telefon: 57 73 90 20


Gulatinget 1

Gulen

Gulatinget

Gulatinget danna utgangspunkt for at Noreg vart ein demokratisk rettsstat med eit styresett basert på representative samlingar. Bønder frå heile kysten samla seg i Gulen for å utforme lover og avseie dommar i saker - i direkte forhandling med kongen....
Adresse: 5966 Eivindvik
Telefon: 0047 57 78 20 06
E-post: espen.selvik@gulen.kommune.no


Kontaktinformasjon

Visit FjordKysten AS
Strandgata 42
6900 Florø
E-mail: mail@fjordkysten.no

Tilsette i Visit FjordKysten

Sunnfjord Næringsutvikling
PB 133
6801 Førde
E-mail: post@sunnfjord.no

Tilsette i Sunnfjord Næringsutvikling

Turistinformasjon

Flora Turistinformasjon: +47 57 74 30 00

Førde Turistinformasjon: +47 57 82 22 50

Jølster Turistinformasjon: +47 57 72 85 88

Kalvåg Turistinformasjon: +47 48 14 04 88

Svelgen Turistinformasjon: +47 917 41 562

Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll: +47 57 73 90 20

 

Sunnfjord og FjordKysten