Annonser
Her er køyreruter til regionen frå Bergen og Oslo.
Det er enkelt å reise til FjordKysten og Sunnfjord. Fra Austlandet kan du køyre ferjefritt til Førde og Florø, og frå Bergen er det en kort og effektiv tur. Frå Oslo via Otta er det ca. 580 km, og via Fagernes omlag 480 km. Frå Bergen via Lavik er det ca. 135 km, og frå Ålesund ca. 126 km. Trykk her for køyreruter til dei ulike kommunane i regionen.Det er også mange andre alternativ til å køyre sjølv:
Raskaste vegen frå Bergen oppover langs FjordKysten er med ekspressbåt som går i rute mellom Bergen - Lygra kai - Mjømna - Sollibotn - Rysjedalsvika -Krakhella - Askvoll - Florø - Smørhavn - Leirgulen - Måløy - Selje.
Finn informasjon om prisar, billettar og rutetider på www.norled.no
Hurtigruten stoppar i Florø. Hurtigruta vert rekna som ei av verdens vakraste båtreise og mange meiner FjordKysten er ein av dei vakraste strekningane. Ei reise med Hurtigruta er ein bekvem måte å reise på. Hugs at du og kan ta med deg bilen.
Ein kjem seg lett til regionen med fly. Widerøe fleire gangar dagleg direkte frå Bergen (25 min) og Oslo (1 t) til Førde og Florø. DAT flyr direkte frå Stavanger til Florø.
Det er enkelt å ta seg frå flyplassen i Bergen, som har internasjonale ankomstar, og vidare med ekspressbåt oppoverlangs FjordKysten.
Lokale og regionale bussruter tek deg lett og rimeleg rundti. Frå OSLO - ta Sogn og Fjordane Ekspressen frå Oslo via Gol, Sogndal, Skei til Førde og evt vidare til Florø. Frå BERGEN ta Ekspress-bussen mot Trondheim. Denne stoppar i Førde. Korrespondanse vidare med buss til Florø. Frå ÅLESUND - ta buss via Stryn til Førde og Florø. Rutetider: NorWay bussekspress.
For informasjon om rutetider på offentleg transport, sjå www.ruteinfo.net
Her finn du kontaktinformasjon til turistinformasjonane i regionen.
Her er oversikt over transportaktørar i regionen.
Gamle og ustøttet nettlesere vil forsinke lasting tid på websider, og redusere den generelle kvaliteten på ditt besøk på denne siden.
Det anbefales at du oppgraderer nettleseren din før du fortsetter. Vi har tatt med to foreslåtte løsningene nedenfor. For andre alternativer, kan du besøke http://www.whatbrowser.org/.
Hvis du ønsker å fortsette uten å oppgradere, bare lukke denne dialogen.