Annonser




Velg region :





Reis med postbåtruta mellom mylderet av øyar og tronge sund i Solund!

Øyhopping

Reis med postbåtruta mellom mylderet av øyar og tronge sund i Solund! Opplev idylliske Gåsvær og ta beina fatt i Bulandet der du kan vitje både temapark, utsiktspunkt og kunstutsal!

Ytterøyane fyr ved Florø

Fyrsafari

Florø turistkontor kan tilby spanande og eksotisk fyrsafari til Stabben og Kvanhovden fyr, forbi Ytterøyane fyr og øya Kinn. Vi går i land på Stabben og Kvanhovden fyr og får guida omvisning både inne og utafor fyra.

Utsikt frå toppen av Lihesten i Hyllestad. Alden i bakgrunnen.

Frå hav til fjell

Fjella ligg høgt og fritt på kysten av Sogn og Fjordane. Her kan du få både bratte utfordringar og enkle kyststiar. Alt med utsikt over havet.

Fjordkysten på to hjul

Fjordkysten på to hjul

Kysten av Sogn og Fjordane skapt for sykkel, med lite trafikk, lett kupert terreng og eit mylder av øyer som er knytt i saman av lokale båt- og ferjeruter.

Ekspressbåten frå Bergen er ein rask og effektiv transportveg til verdas vakraste kyst.

Utflukter frå Bergen

Med Fjord1 sin daglege ekspressbåt frå Bergen, er det enkelt å dra på dags- eller helgeturar frå Bergen.

 
Barn og Familie

AKTIVITETAR

Opplev kysten, med sine små og store eventyr! Du kan fiske, bade, ro, segle, sykle, padle, klatre og gå på tur i fjellet. Eller kanskje du vil reise på oppdagarferd mellom tusenvis av holmar og skjær, og finne akkurat din vesle hemmelege stad...

Om du først og fremst ynskjer deg fred og ro, så kan du berre lene deg tilbake og nyte naturen. Etter få dagar vil du merke korleis roen blir ein del av deg. Snart blir du slik vestlendingen er; roleg og avslappa, prega av naturen rundt deg – havet, lyset, fjorden, fjella og stilla.


AKTIVITETAR - FjordKysten
Fiske og jakt

Fiske og jakt

Er du glad i å fiske, så anbefaler vi deg å leige ei av dei mange hyttene eller sjøhusa som ligg nær sjøen. Mange har lagt forholda spesielt til rette for dei fiskeglade, med gode båtar og fasilitetar for sløying av fisken og oppbevaring av fangsten.

Barn og familieaktivitetar

Barn og familieaktivitetar

Her har vi samla nokre tips om aktivitetar langs FjordKysten som passar spesielt godt for familiar med barn. Fine badestrender, steinhoggarleir, eventyrstund, riding, aktivitetsdagar og mykje meir!



Vandring

Vandring

Vi kan tilby deg spektakulære toppturar til naturmonument som Alden, Lihesten og Hornelen! Eller du kan velge ei av dei mange Nordsjøløypene. Turområda og turløypene er mange, og kombinasjonen hav, sjø og fjell sikrer storslagne naturopplevingar! Dei lokale turistkontora har turstikart og informasjon.

Flora Turistkontor Strandgata 30 N-6900 Florø Tlf: +47 57 74 30 00 Email: mail@fjordkysten.no ; Stiftinga Jensbua, Postboks 24, N-6961 Dale Tlf: +47 57 73 90 20 Email: stiftinga@jensbua.no