Annonser




Fjordkysten på to hjul

Kysten av Sogn og Fjordane skapt for sykkel, med lite trafikk, lett kupert terreng og eit mylder av øyer som er knytt i saman av lokale båt- og ferjeruter.

Det er fint å sykle langs FjordKysten!
Det er fint å sykle langs FjordKysten!
Foto: Terje Rakke

Dei små vegane langs kysten av Sogn og Fjordane er ideelle for sykling, og hit kjem du raskt og behageleg med ekspressbåten frå Bergen. Her er eit mylder av øyer, og om du vil kan du ta sykkelen med på øyhopping med lokale båt- og ferjeruter. Du sykler på lite trafikerte og lett kuperte små idylliske vegar ei stund, så tek du ein rast om bord i den lokale postbåten eller på ferjedekket medan du nyt skjærgarden og kystkulturen.

Opplevingane er mange og varierte langs vegen. Ved Eivindvik ligg Gulatinget, tusenårsstaden for Sogn og Fjordane, med fascinerande store steinskulpturar og si rike historie. I vest ligg øyrika med nærast bilfrie vegar, som fører deg ut mot havet og skjergarden. Den nye vegen mellom Værlandet og Bulandet, Nordsjøporten, tek deg med over 11 km veg og 6 bruker midt i havgapet. Lenger inne kan du sykkle langs den Trondhjemske Postveg, med mange vakre, gamle steinbruer, og kanskje ta ein tur innom Klokkargarden, Jakob Sande sin fødestad i Dale.

Vidare nordover kan du besøke Ausevika, eit av nord Europas største helleristingsfelt, som er tilrettelagt med ramper og skilt for besøkande. På Grotle i Bremanger kan du bade på ei 2 km lang sandstrand, eller kva med å oppleve kriblinga når du rafter på bølgene utanfor Florø?

La deg bergta av den spennande vikingsagaen i Dalsfjorden, dra på fyrsafari i Solund og Florø, eller bli med og mat dyra på Norsk Hjortesenter på Svanøy. Liker du å fiske kan du prøve lykka med lakse- eller ørretfiske i eitt av våre mange vassdrag, eller bli med på fisketur til havs. Eller kanskje du heller kunne tenke deg ein padletur i kano eller kajakk, klatring og fjellturar, eller riding og gardsbesøk?

 

Her er mange opplevingar for ein kvar smak!

Som eit generelt utgangspunkt for planlegging av sykkelturen, anbefaler vi følgane daglege lengder:

Familie med born 6-9 år

15-30 km

  Vaksne, normal fysisk form

30-60 km

Familie med born over 10 år

20-50 km

  Vaksne, god fysisk form

60-120 km

 

Tilkomst:

Ekspressbåt frå Bergen til Sollibotn, 1,5 time.
Ekspressbåt frå Bergen til Florø, 3,5 time.
Ekspressbuss frå Bergen, Oslo, Trondheim og Ålesund
Fly: Florø Lufthamn

 

 For meir informasjon ta kontakt med turistinformasjonene.

Sist oppdatert   29.04.2009    

Flora Turistkontor Strandgata 30 N-6900 Florø Tlf: +47 57 74 30 00 Email: mail@fjordkysten.no ; Stiftinga Jensbua, Postboks 24, N-6961 Dale Tlf: +47 57 73 90 20 Email: stiftinga@jensbua.no