Annonser

Rundturbeskrivelse øyhopping

Reis med postbåtruta mellom mylderet av øyar og tronge sund i Solund! Opplev idylliske Gåsvær og ta beina fatt i Bulandet der du kan besøke både temapark, utsiktspunkt og kunstutsal!

Reis med postbåtruta mellom mylderet av øyar og tronge sund i Solund!
Reis med postbåtruta mellom mylderet av øyar og tronge sund i Solund!
Foto: Visit FjordKysten AS
Øyparadis Bulandet Værlandet
Øyparadis Bulandet Værlandet

Reis med buss over den nye vegen, Nordsjøporten, mellom Bulandet og Værlandet, der 6 bruer bind dei mange øyane saman. Ein rundtur for deg som vil ha med deg alt! Turen kan takast enten frå sør via Krakhella, eller frå nord via Askvoll, og korresponderer med ekspressbåten til/frå Bergen.

Det er mogelg å ta rundturen på ein dag eller dele opp med overnatting undervegs. Vi anbefalar å ta turen over fleire dagar - då kan du verkeleg nyte livet på dei vestlegaste øyane i Norge.

Påmelding (NB - må skje seinast dagen før):

Stiftinga Jensbua tlf. 57 73 90 20, eller MS "Stjernsund" tlf. 97 79 59 89, epost: stiftinga@jensbua.no

Rutetider

Frå Bergen

08.00 - Avreise med ekspressbåt frå Bergen
10.15 - Ankomst Krakhella
10.20 - Avreise med buss frå Krakhella
10.50 - Ankomst Hardbakke, avstigning ved hamna
10.50 - Avreise med postbåten frå Hardbakke (korresponderer med bussen)
12.30 - Ankomst Gåsvær, 30 min stopp
13.00 - Avreise Gåsvær
13.30 - Ankomst Bulandet
15.50 - Avreise med buss frå Bulandet *
16.15 - Ankomst Værlandet ferjekai
16.30 - Avreise med ferje frå Værlandet
17.30 - Ankomst Askvoll
17.40 - Avreise med ekspressbåt frå Askvoll
20.40 - Ankomst Bergen

* - ein kan også sykle frå Bulandet til Værlandet om ein ønskjer det. Leig syklar på butikken på Bulandet og lever dei inn på butikken på Værlandet, som ligg ved ferjekaia. Å sykle frå Bulandet til Værlandet tar ca 1 time (11 km).

Frå Askvoll/Florø

08.35 - Avreise med ekspressbåt frå Florø
09.15 - Ankomst Askvoll
09.15 eller 11.45 - Avreise med ferje frå Askvoll
10.30 eller 12.40 - Ankomst Værlandet
10.30 eller 12.45 - Avreise med buss frå Værlandet *
10.55 eller 13.10 - Ankomst Bulandet
15.30 - Avreise med øyhoppingsbåten frå Bulandet
16.00 - Ankomst Gåsvær, 30 min stopp
16.30 - Avreise frå Gåsvær
17.15 - Ankomst Hardbakke
17.20 - Avreise med buss frå Hardbakke
18.10 - Ankomst Krakhella
18.20 - Avreise med ekspressbåt til Askvoll og Florø
19.05 - Ankomst Askvoll
19.55 - Ankomst Florø

* - ein kan også sykle frå Værlandet til Bulandet. Leig syklar på butikken på ferjekaia på Værlandet, og lever dei inn på Bulandet. Kjem ein med første ferja har ein god tid til å ta seg ein tur til Værøyhamna, der ein kan besøke Tante Grys Pub og Norsk Sjøfuglsenter. Å sykle frå Værlandet til Bulandet tar ca 1 time (+ 10 min kvar veg om ein skal innom Værøyhamna).

 

Rundturbeskrivelse:

Kjem du frå sør med ekspressbåt til Krakhella, så går turen vidare med buss til Hardbakke, kommunesenteret i Solund. Bussen stoggar ved hamna, og der ligg "Stjernsund" klar til å ta deg med på postbåtruta mellom øyane i midtre Solund. Turen går stort sett i roleg farvatn og vi passerer trange sund og mange små øyskattar. Er vi heldige kan vi sjå både nise, kobbe og havørn! Båten stoggar der det er postlevering eller passasjerar som skal av den aktuelle dagen, men er ofte innom Lågøy, Litle Færøy, Ytrøygrend og Indrøy. Postbåten er sjølve livsnerva for busetnaden på æyane, og knyter saman øyane med kommunesenteret. Sist på den ordinære postruta ligg det idylliske fiskeværet Gåsvær vest i havet.

På Gåsvær bur det i dag 14 fastbuande sommarstid. Folket her livnærer seg av fiske, skyssbåtdrift, landbruk og turisme. I tidlegare tider var her stor aktivitet med fiske etter laks, krabbe og hummar, og samling av ærfugldun. Jamvel eiga skjenkestove hadde Gåsværsamfunnet på den tida! I dag er Gåsvær ein eksotisk idyll for feriefolk og fiskeinteresserte, og kan huse opptil 20 gjestar i særprega ferieleiligheiter. Anne Marie Gåsvær Færøy og familien ynskjer velkommen med enkel informasjon, og har kaffi og litt å bite i til sals for dei som ynksjer det.

Etter Gåsvær tår turen vidare over eit stykke ope hav til Bulandet i Askvoll kommune. Her har du god tid til å rusle rundt på lett kuperte og asfalterte vegar. Du kan ta turen opp på Halsøhågen og få deg eit overblikk over øyane, vitje Bulandet Temapark med utstillingar frå Bulandet i fortid og notid og ta deg eit godt måltid må Pernillestø eller på kaféen i butikken. Heilt her vest i havet er det også kunstutsal, der du kan handle med deg eit minne fra øyturen om du har hug til det. Om du har lyst å vere litt aktiv, så kan du leige deg sykkel enten på butikken i Bulandet eller Værlandet, og sykle den nye vegen, Nordsjøporten, som går mellom Bulandet og Værlandet. Her er også fleire fine turløyper om du ynskjer å gå ein tur. Elles går turen vidare med buss til Værlandet, og deretter med ferje frå Værlandet til Askvoll, og frå Askvoll med ekspressbåt tilbake til startpunket.

Ein eigen dagsturfaldar for Bulandet og Værlandet losar deg oversiktleg og trygt mellom dei ulike stadane. Denne tek du med deg frå båten, ferja, turistkontoret eller butikkane i Værlandet og Bulandet.

 >
Vis Øyhopping Solund-Bulandet-Værlandet i et større kart

SOLUND

Solund er øykommunen som ligg lengst vest i Noreg. Dette er også den einaste reine øykommunen i Sogn og Fjordane. Folketalet ligg i dag på rundt 900 og tyngda bur på hovudøyane Sula og Ytre Sula. Fiskeri er den største næringa i kommunen, medan Solund Verft er den største enkeltverksemda med sine 58 tilsette, inkludert leigearbeidarar og driv innan slippsetjing, vedlikehald, ombygging og reparasjon av skip. Solund er populær blant båtturistar med sin spanande skjærgard, og lokkar også mang ein friluftsglad og fiskeinteressert turist hit. Kommunen kan også skilte med dei vestlegaste øyane i Noreg, Utvær, eit populært dagsturmål i sommarsesongen.

GÅSVÆR

Gåsvær er ei av dei ytste øyane i Nord-Solund, og ligg vest i havet mellom Lågøyfjoden og Gåsværosen. Gåsvær ligg lagleg til fiskefelta og har truleg hatt handel i lang tid tilbake. I 1767 var her både gjetgjeveri og skjenkestove. Det siste århundret har folket livnært seg med fiske og jordbruk, og i vår tid også skyssbåtdrift og turisme. Den eldste delen på det særmerkte hovudhuset er frå 1700-talet, medan ein annan del er bygd av tømmer frå ei seglskute.

BULANDET

Bulandet er eit av dei mest livskaftige fiskevære i landet. I motsetnad til mange andre småsamfunn har folketalet her hatt ei positiv utvikling dei seinare åra. I dag er det om lag 270 fastbuande, som i hovudsak livnærer seg av ei moderne fiskerinæring. Bygda har mange servicetilbod, deriblant landets vestlegaste kiropraktor, galleri, kurs og samlingar i havkajakk. Sommarstid er Bulandet ein ynda stad for båtturistar og feriefolk i hytter og rorbuer. Namnet Bulandet kjem fra dei mange sjøbuene som var her.

VÆRLANDET

I Værlandet bur det ca. 200 innbyggjarar. Fiske og oppdrett er dei viktigaste næringsvegane, men reiseliv og eksport av høgkvalitets naturstein (grønsteinbreksje) til Italia, er næringar i vekst. Nordsjøløypa er ei merka turløype tvers over øya. Sideløypa til utsiktspunktet Høgkletten er merka og sikra med kjetting. Værøyhamna er karaktisert ved sitt pittoreske sjøhusmiljø, og i Sørværet Naturreservat er det eit myldrande dyreliv der du på ein heldig dag kan sjå både sel, oter, nise, ørn og hjort. Likar du å vere aktiv er det fleire fine turstiar på Værlandet, og her er også vegen kort til den majestetiske Alden, også kalla den Norske Hesten, ein topptur midt i havgapet som gir deg eit fantastisk panoramautsyn.

Norsk Sjøfuglsenter på Værlandet opna i 2012. Dette er eit interaktivt opplevingssenter som kombinerer ny teknologi og sårbar natur til ei oppleving utanom det vanlege. Utstillinga er open alle dagar i sesongen (midten av juni til midten av august) mellom 10.30 og 18.00. For grupper og besøk utanom opningstidene, kan avtalar gjerast på tlf. 957 78 071.

 
           
           
           
           
           
           
           
           
           
 
         
         
Sist oppdatert   01.02.2013  

Kontaktinformasjon

Visit FjordKysten AS
Strandgata 42
6900 Florø
E-mail: mail@fjordkysten.no

Sunnfjord Næringsutvikling
PB 133
6801 Førde
E-mail: post@sunnfjord.no

Turistinformasjon

Flora Turistinformasjon: +47 57 74 30 00

Førde Turistinformasjon: +47 57 82 22 50

Jølster Turistinformasjon: +47 57 72 85 88

Kalvåg Turistinformasjon: +47 48 14 04 88

Svelgen Turistinformasjon: +47 917 41 562

Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll: +47 57 73 90 20

 

FjordKysten_web_svart