Annonser

Kystsafari i Gulen

... ei unik oppleving av historie og kultur!

Opplev historiens sus ved Gulatinget, demokratiets vogge, nyt atmosfæren på idylliske Skjerjehamn med kongestatuen av Kong Olav V, og fryd deg på ein fartsfyllt båttur i Gulen sin skjærgard - alt på ein og samme dag!

Kystsafari i Gulen

SESONG: 01. juni - 31. august  

Gulatinget

Turen går med RIB-båt med gode seter til alle, og med fokus på tryggleik og komfort. Ved starten av turen får alle utlevert overlevingsdrakter til å ha på seg. Desse er både vind- og vasstette. I tillegg får ein beskyttelsesbriller. Båten beveger seg raskt, men behageleg gjennom skjergarden, og du kjem tett innpå naturen.

Turen går mot vest, der hav treff fjell. Vi passerar 1 500 holmar og skjer, mellom Fensfjorden i sør og Sognefjorden i nord. Blant stadane vi er innom kan nemnast Skjerjehamn, Mongstad, Byrknesøy, Grima, Koksøy, Sogneoksen, Kvernøy, Hille, Eivindvik og Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Undervegs vert det fortalt historiar frå den vakre skjergarden, og er vi heldige får vi sjå både havørn, nise og kobbe!

I Gulen er ein på historisk grunn, og på turen får du høyre om Gulatinget som møtte ved Gulafjorden i 500 år.Det vert også stopp med tid til både lunsj og ei vandring i historie på Skjerjehamn. Den gamle gjestgjevarstaden framstår i dag som ei revitalisert kystperle og treffpunkt. Her står og den omtalte statuen av Kong Olav V. Mellom dei gamle bygga, landhandelen og gjestehamna er det ei herleg nostalgisk atmosfære, som gjev deg den gode kjensla av sommar og ferie!

Om du ynskjer å bli over ei natt, kan du bu godt på Eivindvik Fjordhotell, og så ta ekspressbåten heim igjen neste dag. Dette er Vestlandet på sitt beste, vakker kystnatur og storslagen historie – vi garanterar alle ein minnerik tur.

Hugs kamera!

PRAKTISK INFORMASJON:

SESONG: 01. juni - 31. august. 
TID: kvar fredag, kl. 11.00 (varigheit ca 3)
PRIS:

vaksen kr. 595/born* og honnør kr. 365 (ekskl. mat, drikke og transport til Sollibotn) 

 * Anbefalt aldersgrense born frå 7 år.

 

Turen passar både for vaksne og born og går fast kvar fredag med påmelding seinast dagen før. Turen går i tillegg dagleg ved påmelding av grupper på minimum 5 passasjerar.

Du kan starte turen med Fjord1 sine ekspressbåtar frå Bergen, Nordfjord eller Sogn, og gå av i Sollibotn, eller du kan starte lokalt frå Eivindvik eller Skjerjehamn.

For meir informasjon og påmelding, ta kontakt med Stiftinga Jensbua, tlf. 57 73 90 20, E- post: stiftinga@jensbua.no, eller FjordGuiding, tlf. 47 80 20 10, E- post: post@fjordguiding.com. 

Velkomen til ei minnerik oppleving!

 

 

 

Sist oppdatert   15.06.2010  

Kontaktinformasjon

Visit FjordKysten AS
Strandgata 42
6900 Florø
E-mail: mail@fjordkysten.no

Sunnfjord Næringsutvikling
PB 133
6801 Førde
E-mail: post@sunnfjord.no

Turistinformasjon

Flora Turistinformasjon: +47 57 74 30 00

Førde Turistinformasjon: +47 57 82 22 50

Jølster Turistinformasjon: +47 57 72 85 88

Kalvåg Turistinformasjon: +47 48 14 04 88

Svelgen Turistinformasjon: +47 917 41 562

Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll: +47 57 73 90 20

 

FjordKysten_web_svart