Annonser

Kveldstur med Bakkejekta

Bli med på ei flott skumringstur på fjorden med "Bakkejekta" - ein av Norges aller eldste båttypar.

TID: Kvar tysdag i heile juli 2010.

 

Kveldstur med Bakkejekta

TID: Kvar tysdag i heile juli 2010.

PROGRAM: Skumringstur på Dalsfjorden med gode historier, spikekjøt og flatbrød i Ingolf sitt farvatn. 

For meir informasjon og bestilling, kontakt Stiftinga Jensbua, tlf. 57 73 90 20. E-post: stiftinga@jensbua.no.

 

Har du høyrt om Bakkejekta eller Holmedalsjekta? Ho er ei lita jekt frå Holmedal, 30 fot lang og bygt truleg rundt 1750 av Sjur Vindheim. Bakkejekta lasta om lag 40 tønner og var ein av den tida sine kystfraktebåtar. Dei frakta ved, tønner med sild og andre varer til Bergen, og ”kjøpevarer” med heimatt. Fleire gardar eller eit bygdelag eigde gjerne ei jekt saman.

Bakkejekta var rekna som ei svært rask jekt, og Jens Sørenson Bakke (fødd i 1866) fortalde til båtgranskaren Bernard Færøyvik om ein tur dei hadde til Bergen då han var gut. Dei reiste frå Holmedal kl. 9 om morgonen og var i Bergen kl. 4 om ettermiddagen. Lasta var 11 dyr som dei leverte undervegs. Dette vil seie ein gjennomsnittsfart på 9,7 knop! Men då måtte dei ha hatt ein god nordavind i ryggen. Svikta vinden, og jekta måtte roast, var nok kvar mil eit slit.

Bakkejekta er ein av Norges aller eldste bevarte båtar, og vi er her i kontakt med byggjeteknikkar frå mellomalderen. Heile botnen i jekta er hogd daud – dvs. at borda er hogde i den forma dei har – ikkje bøygde på plass. Det tyder at den som vil byggje på same måten må leggje som forutsetning at saga ikkje finst!
For å kunne byggje ei skikkeleg, ny Bakkejekt etter tilnærma same teknikkar som for 250 år sidan, har vi organisert byggjinga som faglege samlingar for båtbyggjarar frå heile landet – båtbyggjarar som har røynsle frå og interesse for hogging av båtar. Norsk Handverksutvikling støttar prosjektet.

 

Sist oppdatert   14.06.2010  

Kontaktinformasjon

Visit FjordKysten AS
Strandgata 42
6900 Florø
E-mail: mail@fjordkysten.no

Sunnfjord Næringsutvikling
PB 133
6801 Førde
E-mail: post@sunnfjord.no

Turistinformasjon

Flora Turistinformasjon: +47 57 74 30 00

Førde Turistinformasjon: +47 57 82 22 50

Jølster Turistinformasjon: +47 57 72 85 88

Kalvåg Turistinformasjon: +47 48 14 04 88

Svelgen Turistinformasjon: +47 917 41 562

Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll: +47 57 73 90 20

 

FjordKysten_web_svart