Frå lette turløyper på øyane og flatlandet til utfordrande fjellturar på kanten av Norge. Gå til toppen av Blegja i Askvoll (1.305 m.o.h.), Hornelen – Nord-Europas høgaste fjellklippe, eller til Vestkapp – Norges vestlegaste punkt med fastlandsforbindelse. Du kan også ta ein roleg tur langs strendene, der livet i fjæra, eller dei runde steinane og bølgeskvulp får roen til å senke seg. Turane gjev ei fantastisk panoramautsikt over kyst, skjergard og hav. Dei fleste turstiane er godt merka, og karthefte med omtale av turstiar og fjellturar er til sals på turistkontora og mange av overnattingsstadene.