Annonser

Til fots - frå hav til fjell

Opplev nokre av Noregs mest spektakulære toppturar langs FjordKysten. Eller kanskje ein av dei flotte kyststiane passar for deg?

Utsikt frå toppen av Lihesten i Hyllestad. Alden i bakgrunnen.
Utsikt frå toppen av Lihesten i Hyllestad. Alden i bakgrunnen.
Foto: Anders Waage Nilsen

 

MIST PUSTEN - gå ikkje glipp av våre spektakulære toppturar: 

 

  • Lihesten (777 m.o.h.)
  • Toppen av Blegja i Askvoll (1.305 m.o.h.)
  • Alden - også kalla "den norske hest" (460 m.o.h.)
  • Store- Batalden (495 m.o.h.)
  • Håsteinen (973 m.o.h.)
  • Hornelen – Nord-Europas høgaste fjellklippe (860 m.o.h.)

 

Søkjer du turstiar i lett terreng? Då må du få med deg m.a. :

Du kan også ta ein roleg tur langs strendene, der livet i fjæra, eller dei runde steinane og bølgeskvulp får roen til å senke seg. Turane gjev ei fantastisk panoramautsikt over kyst, skjergard og hav. Dei fleste turstiane er godt merka, og karthefte med omtale av turstiar og fjellturar er tilgjengeleg på turistkontora og mange av overnattingsstadene.

Fjellturar i Ytre Sognefjord og Dalsfjord

Her finn du over 100 turstiar, frå lette turløyper på øyane og flatlandet til utfordrande fjellturar, f.eks til Blegja i Askvoll (1.305 m.o.h.). Turar til lågare fjelltoppar, som ein finn i heile området, gir ein fantastisk panoramautsikt over kyst, skjergard og hav. I sør grensar Høyanger mot Stølsheimen, eit av dei største og mest populære fjellturområda i Norge. Dei fleste turstiane i Ytre Sognefjord og Dalsfjord er godt oppgått og merka, men for nokre utfordrande turar rår vi til å bruke kart. Karthefte med omtale av turstiar og fjellturar er til sals på turistkontora og dei fleste overnattingsstadene. (Kr. 30-50,- Norsk, tysk og engelsk tekst.)

 

Blegja - Askvoll


1 304 meter høge Blegja i Askvoll er ei litt tøffare utfordring, men gevinsten er ei gedigen utsikt! Du ser Jostedalsbreen godt i øst og så langt som til Snønipa og Ålfotbreen i nord. Mot vest kan kysstripa følgast fra Solund til Hornelen, og elles langt til havs. Turen tar ein heil dag.

 

Lihesten - Hyllestad


Lihesten. Den majestetiske og trolske Lihesten i Hyllestad er eit av dei mest markante fjella på kysten. Her går fleire merka turstiar til topps, over 714 m.o.h., med utsikt langt utover havet og innover fjordane. På Lihesten er det også mange gode fiskevatn.

 

Den Trondhjemske Postveg

 

Den historiske postvegen mellom Bergen og Trondheim går gjennom Fjaler, Hyllestad og Gulen. Vegen blei bygd i åra 1801–1806 og har ei rekke fine steinbruer. Ei oppleving for ein vandrar eller syklist med terrengsykkel. Ved Postvegen på Skor ligg eit vakkert og autentisk kvernhusmiljø, med fem restaurerte kvernhus. Les meir her.

 

Stølsheimen - Høyanger


For dei som vil oppleve mangfaldet og variasjonen i vestlandsfjella, er ein tur i Stølsheimen å anbefale. Det 367 km2 store området strekker seg frå høgfjell, gjennom frodige dalar til fjordar under bratte lier. Dei mange stølane og vatna er kanskje det området er mest kjend for. Frå Ortnevik er det merka turstiar inn til Stølsheimen, og frå Bjordal køyrer ein Stordalenvegen til topps (725 m.o.h.) for å ta seg inn i området.

 

Kystarboretet - Solund


Arboretet i Hardbakke er ei samling tre og plantar, hovudsakleg stadeigne typar. Det er planta ut over 160 ulike planteslag som no etterkrvart viser seg i terrenget. Rhododendronsamlinga er eit fint skue på forsommaren. I tilknytning til arboretet går det ein 5 km turveg i eit variert terreng, og med flott utsyn over Sognesjøen. Merka sti til toppen av Ravnenipa.

 

Nordsjøløypa - Steinsundøy


Nordsjøløypa i Solund går som sti gjennom utmark frå Bjørnefjorden til Stokkevåg. Stien går i slak skråning framved fjellfoten. Terrenget er berg og lyngmark. Turen tek 1 – 1,5 time og er ein fin familietur. Vidare går turen med robåt innaskjers forbi Litle Færøy, Gullholmen, Råkeneset og til Strand. For meir informasjon, om turen med robåt, kontakt Stiftinga Jensbua, tel. 57 73 90 20

 

Nordsjøløypa - Korsund


Merka turveg som delvis går langs vegen, men for det meste følgjer gamle trakk og stiar gjennom utmark nordover mot Lammetun. Turen startar i Korssund hamn, og går ca.3 km mot Lammetunsundet. Her kan du tinge deg båtskyss med ei snekke som ligg klar og venter på deg, og tar deg med på ein halvtimes båtferd tilbake gjennom dei smale sunda. Båtskyssen må tingast i butikken før du tek til på turen. Eigen turfaldar med turskildring får du på butikken. Pris båtskyss: V. kr. 50,- B. kr.25,- Heile rundturen tek ca. 1,5 timar.

 

Fossedalen


er det mest nytta turområdet på nordsida av Dalsfjorden. Vikja og Kleivane er inngangsportalen til turar til Fossedalen, Heileberget, Kringla, Ertrefjellet og Blegja. Merka rute til Nipebu og derifrå til Rivedal, Stongfjorden, Markavatnet og Massbu (Laukeland). Det er knytt store verdiar til dette området, som vert opplevd som heilt spesielt for alle som kjem dit, born som vaksne. Når du tek deg innover den gamle opparbeidde gardsvegen, får du oppleve eit særs rikt plante-, fugle-, og dyreliv. Her finst òg ei rik kulturhistorie, noko Jakob Sande gjennom diktinga si let oss få del i.

 

Nordsjøløypa - Færøy


Løypa er merka både frå Henja på vestsida og gjestehamna på Vassdalen. Langs gardane og den gamle grusvegen over øya går ein i eit grønt og frodig landskap der du heller møter på nokre beitande kalvar enn biltrafikk. Vidare går stien nordover langs stiar og delar av den gamle kjerrevegen som gjekk til utefloren og lakseverpet. På Espa, som er turens vendepunkt, har ein panoramautsikt til Alden, Værlandet, Bulandet og fjella inne i landet. Langs heile løypa finn ein fleire.

Nordsjøløypa Værlandet - Bulandet


Nordsjøløypestien på Værlandet er merka og startar rett ved ferjekaia.Her går du vestover innover myrer og langs vatn og sund. Løypa passerer dei karakteristiske Klettane, og du kan taein avstikkar opp på Høgekletten (163 m.o.h). Utsikta herifrå er fantastisk! Stien er om lag 2,5 km lang, og møter hovudvegen ved Loran-C masta. Her kan du gå eller sykle vidare vestover vegen til Melvær og Bulandet, eller returnere til ferjekaia på Værlandet. Eigen turfaldar får du på butikkane, og det er moglegå leige syklar

 
 

For hjelp til å skreddersy din Vandreferie, ta kontakt med Turistkontoret og vertskapet langs FjordKysten og vi hjelper deg med planlegginga!

 

GOD TUR!

 

 

 

 
Sist oppdatert   28.09.2011  

Flora Turistkontor Strandgata 30 N-6900 Florø Tlf: +47 57 74 30 00 Email: mail@fjordkysten.no ; Stiftinga Jensbua, Postboks 24, N-6961 Dale Tlf: +47 57 73 90 20 Email: stiftinga@jensbua.no