Annonser

Skriv utSkriv ut

Tursti Veten, Bremanger


GPS koordinater
Breddegrad: 61.856998973
Lengdegrad: 4.8332977294
Fasilitetar

Gradering 

Middels


Kontakt
Adresse:
Parkeringsplass Grotle
6727 Bremanger


Beskrivelse
VETEN (frå Grotle) 0 m.o.h. - 527 m.o.h.
Løype har blå fargekode (ikkje merka).
Start frå snuplassen ytterst på Grotle. Ta til høgre langs nausta mot fjellgrinda. Noko bratt stigning på god sti i ur inntil knapt 300 høgdemeter. I Grolsdalen flatar løypa ut i 700-800 meter før ny brattare stigning på nye 200 høgdemeter. Då er ein oppe på platået og har ca 1,8 km att til Veten. Vetenplatået er flatt og steinfritt. Siste 700 meter før Veten møter ein slakk motbakke på 70 høgdemeter. Frå toppen har ein god utsikt utover i havet samt nordover og sørover.
Tid opp: ca. 2 timar.