Annonser

Filtrer liste
Områder












Kajakk

Kajakk

FjordKysten er eit eldorado for padling. Med tusenvis av øyar, holmar og skjer i vakker urørt natur gir kysten av Sogn og Fjordane deg nokon av dei beste padleopplevingane Norge har å by på. Her kan du finne holmar, skjer og strender berre kajakken kan ta deg til. Dette gjer padling til ein av dei beste måtane å utforske FjordKysten på.

jah Tansøy kajakk 20.04.08 001_Terje Svardahl

Du kjem ikkje lenger vest i Norge enn til øyane i Solund, Bulandet og Værlandet - ofte omtalt som "Norges Venezia". Dette området er som skapt for padling med eit mylder av små og store øyer, holmar og skjer som gir ly for vind og bølgjer. Eller kanskje du vil padle langs kvite strender og høge fjell i Bremanger? Moglegheitane er mange. Opplevingane unike.

-Askvoll Bulandet

Solund, Bulandet og Værlandet er eit eldorado for padling.

Har du kajakk sjølv ligg alt til rette for ugløymelege padleturar - naturen ventar på deg. Du kan også vere med på organiserte turar. Nils Bjørgo tar deg med på guida padleturar i øyriket Solund, og har også utleige av kajakk. Norway AdvenTURes skreddarsyr guida kajakkturar langs FjordKysten, med alt frå dagsutflukter til turar over fleire dagar. Dei har turar som vil begeistre alt frå nybegynnarar til den mest erfarne kajakkpadler. Fleire overnattingsbedrifter langs heile kysten tilbyr også utleige av kajakk.

DSC03094

 I Bremanger kan du padle langs vakre, kvite strender.

Sjå lista under for oversikt over tilbud eller kontakt oss på mail@fjordkysten.no for meir informasjon. God tur!


Copyright © Norway AdvenTURes

Bremanger

Kajakkturer - Norway Adventures

Norway AdvenTURes tilbyr guidede kajakkturer i vakre omgivelser i Ytre Nordfjord. Her kan du oppleve den unike naturen bestående av hundrevis av små øyer,...


Copyright © Bremanger Sjøbuer

Bremanger

Bremanger Sjøbuer - Aktivitetar

Bremanger sjøbuer ligg flott til ved sjøkanten med svært gode fiskemuligheiter. SJØFISKE: - Fiske i fiskerik fjord. - Mulgheiter for havvfiske (halvtimes...


Njord

Askvoll

Kajakk i Askvoll

Njord er namnet på den norrøne guden for hav, vind og elv. Njord er ôg Norges største tilbydar av havkajakkopplevingar. Om sommaren er det kajakkkurs i...


Copyright © Nils Bjørgo

Solund

Guida kajakk og fotturar i Solund

PADLING MED HAVKAJAKK Disponerer 10 kajakker med utstyr og eventuelt våtdrakt for utleie. Basen er på Hardbakke, men kan frakte utstyr innen kommunen....


Askrova Feriehus - Fiske

Flora

Askrova Feriehus - Aktivitetar

Perfekte forhold for rike fiskeopplevingar! På den idylliske øya Askrova i Flora kommune, ligg Askrova Feriehus - Gamlestova - med storslagen utsikt mot havet...


Copyright © Vestkysten Reiseliv AS

Flora

Kajakk i Florø

Området rundt Florø er fantastisk for rekreasjon knytt til sjøen og havet. Ein padletur mellom holmar og skjer medan sola forsvinn bak om horisonten er vel...



Kontaktinformasjon

Visit FjordKysten AS
Strandgata 42
6900 Florø
E-mail: mail@fjordkysten.no

Sunnfjord Næringsutvikling
PB 133
6801 Førde
E-mail: post@sunnfjord.no

Turistinformasjon

Flora Turistinformasjon: +47 57 74 30 00

Førde Turistinformasjon: +47 57 82 22 50

Jølster Turistinformasjon: +47 57 72 85 88

Kalvåg Turistinformasjon: +47 48 14 04 88

Svelgen Turistinformasjon: +47 917 41 562

Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll: +47 57 73 90 20

 

FjordKysten_web_svart