Ausevika er eit av dei største helleristningsfelta i Norge. Ausevika ligg under Skålefjellet, som reiser seg mot sør i nærare 800 m høgde. Dette fjellet dannar avslutninga på eit fjellområde som strekkjer seg heilt inn til Jotunheimen, og er difor eit naturleg streifområde for storvilt på trekk mellom kyst og innland. Her finn ein over 3000 år gamle figurar. Feltet viser over 300 ristningar, både dyre- og menneskefigurar. I tillegg kan ein sjå fruktbarheits- og jordbruksmotiv, såkalla Veidemannskunst. Geometriske teikn, spiralar og labyrintar finn ein over heile feltet. Ausevik var pussa opp i det siste. Med ny veg, parkeringsplass, sanitærbygg og dei nye stiane, publikumsrampen og opplysningsskilt er Ausevika absolutt verdt eit besøk!
OPNINGSTID: Det er ope kvar dag mellom 10-19 måndag - søndag. Gratis inngang.
Guida omvising på førespurnad.
Beliggenheit: Frå Florø køyr E39 mot Førde, ta av ned til Eikefjorden og køyr vidare utover ca 10 minutt. Total reisetid frå Florø ca 30. minutt.