Annonser

Skriv utSkriv ut

Utvær


GPS koordinater
Breddegrad: 61.036180960
Lengdegrad: 4.5120334625
Kontakt
Adresse:
6924 Hardbakke

Telefon57 73 90 20


Beskrivelse
Utvær, som ligg 8 km vest for Ytre Sula, er Norges vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet. Staden har både historisk sus og ein natur som fengjer.

BLI MED PÅ GUIDA FYRSAFARI I SOMMAR:

PERIODE: 01.juni - 31.august
VARIGHEIT: 3,5 timar inkl. 1,5 times stopp på Utvær. Her blir det guida omvising og høve til å gå opp i det flotte fyret.

Utvær er eit gamalt fiskevær. Det er ingen fastbuande der i dag, men om sommaren er det mykje feriefolk. Utsikta frå fyret er utruleg flott. Bli med på ei vandring på øya der du besøker Edens Hage, tufter etter kapellet som vart flytta i 1718 og merke etter sliping av sverd. Det mest fasinerande er likevel naturen og havet – lengst vest i Norge.

Utvær er kjent frå historia heilt attende til vikingtida. I 1066 segla Harald Hardråde ut frå Solund då han skulle freiste å legge under seg England. 200 skip og dertil proviantskip og småskuter var samla. Soga seier at ein del av skipa gjekk ut frå Utvær. Slaget enda med fall ved Stamford Bridge. På austsida av vågen ved Likberget ser ein nokre spor i berget. Historia fortel at det er spor etter vikingane som slipte sverda sine før dei drog over havet på vikingferd..

I alle år var fisket hovudnæringsveg på Utvær. Kort veg til fiskefelta gjorde været til eit senter i sesongbaserte fiskeri.

Det var i året 1900 det monumentale fyrtårnet vart satt opp. Fyrtårnet i støypejern ragar 31 meter over berget og sender lyskjegla i 45 meters høgde over havflata. Lysblinken kvart 30.sekund når 35 km ut i Nordsjøen.

DETTE OPPLEVER DU PÅ TUREN:

Turen startar med avgang frå Hardbakke, kommunesenteret i Solund. Avhengig av været vil turen gå nord eller sør for Ytre Sula og gjennom øyriket i Solund. Det vert ikkje lagt opp til stopp på turen til Utvær. På Utvær går du på Nordsjøløypa rundt øya, med båtføraren som guide. Det vert også høve til å gå ein tur opp i fyret for dei som ønskjer det. Returen til Hardbakke går via Notøy, Husøy og Indrevær til Kolgrov, og deretter videre til Hardbakke. Det er ingen servering på turen, så ta med niste etter eige ønskje, og hugs fotoapparat!

RUTETIDER: Sundag, 1.juni – 31.august.

Hardbakke 15.00
Utvær 15.45
Utvær 17.15
Kolgrov 17.45
Hardbakke 18.30


Ruta er ei tingingsrute, og du må tinge turen seinast dagen før reisedagen. Vi må ta atterhald om at værforholda tillet at vi utfører turen.

Påmelding: Stiftinga Jensbua, tlf. 57 73 90 20. E-post: stiftinga@jensbua.no.
Relaterte produkter
Copyright © www.solundbryggje.no

Solund

Solund Bryggje

Vakkert i Sognefjorden ligg Solund Bryggje. Ein restaurant med som satsar på høg kvalitet og lokal mat. Solund Bryggje ligg i Hardbakke som er sentrum i Solund Kommune 2 timer med ekspressbåt fra Bergen. Øykommunen består av vakker natur, med utmerka...

Hardbakke

Solund

Solund Kommune

Solund Innbyggernavn Suling Adm. senter Hardbakke Status Kommune Land Norge Fylke Sogn og Fjordane Areal 228 km² Befolkning 878[a] K.nummer 1412 Målform Nynorsk Internettside Internettside Politikk Ordfører Gunn Åmdal Mongstad (Sp) (2003) Solund...

Utvær

Solund

Utvær

Utvær, som ligg 8 km vest for Ytre Sula, er Norges vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet. Staden har både historisk sus og ein natur som fengjer. BLI MED PÅ GUIDA FYRSAFARI I SOMMAR: PERIODE: 01.juni - 31.august VARIGHEIT: 3,5 timar...


Kontaktinformasjon

Visit FjordKysten AS
Strandgata 42
6900 Florø
E-mail: mail@fjordkysten.no

Sunnfjord Næringsutvikling
PB 133
6801 Førde
E-mail: post@sunnfjord.no

Turistinformasjon

Flora Turistinformasjon: +47 57 74 30 00

Førde Turistinformasjon: +47 57 82 22 50

Jølster Turistinformasjon: +47 57 72 85 88

Kalvåg Turistinformasjon: +47 48 14 04 88

Svelgen Turistinformasjon: +47 917 41 562

Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll: +47 57 73 90 20

 

FjordKysten_web_svart