Annonser

Skriv utSkriv ut

Kvernsteinsparken


GPS koordinater
Breddegrad: 61.167665803
Lengdegrad: 5.2999591827
Beskrivelse
I kversteinparken har dei hogge kvernsteinar heilt frå vikingtida. Sjå spora i berg og landskap, og opplev ei historisk vandring i steinhoggarane sine fotefar. Like spennande for born som for vaksne!

Kvernsteinsproduksjonen i Hyllestad starta for over 1000 år sidan, og var truleg ein storindustri allereie i vikingtida og utover i mellomalderen. Kvernstein vart eksportert til til dei danske og baltiske områda, og til øyane i vest. Svært mange av krossane som står langs kysten er hogde i Hyllestad, bl.a krossane i Eivindvik og Korssund. Langs naturstiane i Kvernsteinsparken er det spor etter den tidlege industrisoga. Du finn restar av kvernstein, og kan sjå halvt uthogde kvernstein som framleis sitt fast i berget. Informasjonshus. Guida omvising i sommarsesongen.

PRIS:
Vaksne kr 50,- Born kr 30,-
For dei som kjøper opplevinga i Steinhoggarleiren
er historisk vandring inkludert.

SESONG:
15/6 – 15/8 2011
Kl 12.00-16.00
Steng måndagar
Utanom opningstid er det fri ferdsel i Kvernsteinsparken.

Kvernsteinsbrota er nominert til UNESCO si verdsarvliste!

Relaterte produkter
Copyright © Gjermund Flage

Hyllestad

Hyllestad Kommune

Hyllestad er ein kommune i Sogn og Fjordane fylke. Hyllestad ligg ytst på nordsida av Sognefjorden. Kjennemerke Hyllestad har den siste tida vorte kjent for kvernsteinproduksjon, ein industri som var i drift i nesten 1000 år. I Hyllestad finn ein...
Adresse: 6957 Hyllestad
Telefon: +47 57 78 95 00
E-post: postmottak.hyllestad@hyllestad.kommune.no


Kontaktinformasjon

Visit FjordKysten AS
Strandgata 42
6900 Florø
E-mail: mail@fjordkysten.no

Tilsette i Visit FjordKysten

Sunnfjord Næringsutvikling
PB 133
6801 Førde
E-mail: post@sunnfjord.no

Tilsette i Sunnfjord Næringsutvikling

Turistinformasjon

Flora Turistinformasjon: +47 57 74 30 00

Førde Turistinformasjon: +47 57 82 22 50

Jølster Turistinformasjon: +47 57 72 85 88

Kalvåg Turistinformasjon: +47 48 14 04 88

Svelgen Turistinformasjon: +47 917 41 562

Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll: +47 57 73 90 20

 

Sunnfjord og FjordKysten