Annonser

Skriv utSkriv ut

Utvær


GPS koordinater
Breddegrad: 61.036180960
Lengdegrad: 4.5120334625
Kontakt
Adresse:
6924 Hardbakke

Telefon57 73 90 20


Beskrivelse

Utvær, som ligg 8 km vest for Ytre Sula, er Norges vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet. Staden har både historisk sus og ein natur som fengjer.

Utvær er eit gamalt fiskevær. Det er ingen fastbuande der i dag, men om sommaren er det mykje feriefolk. Utsikta frå fyret er utruleg flott. Bli med på ei vandring på øya der du besøker Edens Hage, tufter etter kapellet som vart flytta i 1718 og merke etter sliping av sverd. Det mest fasinerande er likevel naturen og havet – lengst vest i Norge.

Utvær er kjent frå historia heilt attende til vikingtida. I 1066 segla Harald Hardråde ut frå Solund då han skulle freiste å legge under seg England. 200 skip og dertil proviantskip og småskuter var samla. Soga seier at ein del av skipa gjekk ut frå Utvær. Slaget enda med fall ved Stamford Bridge. På austsida av vågen ved Likberget ser ein nokre spor i berget. Historia fortel at det er spor etter vikingane som slipte sverda sine før dei drog over havet på vikingferd..

I alle år var fisket hovudnæringsveg på Utvær. Kort veg til fiskefelta gjorde været til eit senter i sesongbaserte fiskeri.

Det var i året 1900 det monumentale fyrtårnet vart satt opp. Fyrtårnet i støypejern ragar 31 meter over berget og sender lyskjegla i 45 meters høgde over havflata. Lysblinken kvart 30.sekund når 35 km ut i Nordsjøen.

Guida tur til Utvær

Om sommaren er det guida turar til Utvær. Sjå fana "Aktivitetar" og "Sightseeing og rundturar" for meir informasjon, eller kontakt oss på mail@fjordkysten.no

Relaterte produkter
øyhopping

Solund

Øyhopping Solund - Bulandet, Værlandet

Bli med på Norges beste rundtur! På øyhopping til Solund, Bulandet og Værlandet opplever du FjordKysten på sitt beste. Her kjem du tett på både folk og landskap på øyane lengst vest i Norge. Reis med postbåten mellom mylderet av øyar og tronge... Telefon: 57 73 90 20
E-post: mail@fjordkysten.no

Copyright © www.solundbryggje.no

Solund

Solund Bryggje

Vakkert i Sognefjorden ligg Solund Bryggje. Ein restaurant som satsar på høg kvalitet og lokal mat. Solund Bryggje ligg i Hardbakke som er sentrum i Solund Kommune 2 timer med ekspressbåt fra Bergen. Øykommunen består av vakker natur, med utmerka...
Adresse: 6924 Hardbakke
E-post: post@solundbryggje.no

Hardbakke

Solund

Solund Kommune

Solund Innbyggernavn Suling Adm. senter Hardbakke Status Kommune Land Norge Fylke Sogn og Fjordane Areal 228 km² Befolkning 878[a] K.nummer 1412 Målform Nynorsk Internettside Internettside Politikk Ordfører Gunn Åmdal Mongstad (Sp)...
Adresse: 6921 Hardbakke
Telefon: 57 78 62 00
E-post: post@solund.kommune.no

Utvær

Solund

Utvær

Utvær, som ligg 8 km vest for Ytre Sula, er Norges vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet. Staden har både historisk sus og ein natur som fengjer. Utvær er eit gamalt fiskevær. Det er ingen fastbuande der i dag, men om sommaren er...
Adresse: 6924 Hardbakke
Telefon: 57 73 90 20


Kontaktinformasjon

Visit FjordKysten AS
Strandgata 42
6900 Florø
E-mail: mail@fjordkysten.no

Tilsette i Visit FjordKysten

Sunnfjord Næringsutvikling
PB 133
6801 Førde
E-mail: post@sunnfjord.no

Tilsette i Sunnfjord Næringsutvikling

Turistinformasjon

Flora Turistinformasjon: +47 57 74 30 00

Førde Turistinformasjon: +47 57 82 22 50

Jølster Turistinformasjon: +47 57 72 85 88

Kalvåg Turistinformasjon: +47 48 14 04 88

Svelgen Turistinformasjon: +47 917 41 562

Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll: +47 57 73 90 20

 

Sunnfjord og FjordKysten