Annonser

Skriv utSkriv ut

Tursti Vetvika


GPS koordinater
Breddegrad: 61.883666376
Lengdegrad: 4.9295997619
Fasilitetar

Aktiviteter

Bading, Fjellvandring, Natursti, Turstier


Gradering

Krevende


Kontakt
Adresse:
Bremanger
6727 Bremanger

Telefon481 40 488
Telefon481 40 488
E-postinfo@visitbremanger.no
Webwww.fjordkysten.no


Beskrivelse
VETVIKA (frå Svarstad) (høgste punkt 574 m.o.h.)

Løypa har raud fargekode.

Ein startar på vegen som går til Steinfjellet (TV-masta) 100 meter frå hovudvegen. Vi følgjer vegen ca 2 km til kring 500 m.o.h. På veg oppover er det mogeleg å sjå holet gjennom fjellet Tunga på venstre side. På Rabben tek merkinga til. denne skal følgjast nordover slakt stigane ca. 1 km. Stien svingar så rett vestover og bratt oppover til 574 m.o.h. Terrenget vidare er ganske flatt og litt slakk unnabakke. Etter ca. 1,5 km tek nedstiginga til Vetvika til. Her er det ganske bratt og svingete, men trygg sti.

Heimturen går nordom Solheimsvatnet. Etter ca. 3 km er ein kommen opp Ura. Den siste km her er noko bratt. Turen går vidare flatt 1 km til nokre sel, svingar så austover nokre hundre meter, deretter sørover 400 meter til vi møter stien vi brukte på oppturen.

Samla tid: 7 - 8 timar.