I tusenvis av år, over heile verda, har menneska festa bilete til bergflater og steinar. Motiva varierer.
Menneske, dyr, gjenstandar og abstrakte mønster er anten malt, slipt eller hogd inn i berget. Vi som ser bileta tusenvis av år seinare, undrar oss over kva historier dei fortel. Men bileta er tause, og ingen informantar kan fortelje oss akkurat kva dei utrykkjer og forklare oss tankane bak bileta. Likevel freistar arkeologane å finne glimt og deler av historiene ved å sjå på samansetning av figurar og landsakpet dei opptrer i. Dateringar og anna arkeologisk materiale funne i nærleiken av ristningae, er også med på å gi informasjon.
Her i Fjordkysten finner vi to store felt:
AUSEVIKA

og
VINGEN