Annonser

Bergbileta i Vingen

Vingenfeltet er i dag det nest største helleristningsfeltet i Noreg med vel 2000 figurar. Likevel var det helst eit slumpetreff som førte til at staden vart kjent for omverda i 1912.

Bergbileta i Vingen
Bergbileta i Vingen

 

Vingen ligg ved den vesle fjordarmen Vingepollen, inst i Frøysjøen, i Bremanger kommune. Vingepollen er om lag ein kilometer lang og nokre hundre meter brei. Fjorden er omkransa av steile 800 - 900 m høge fjell som stuper bratt ned i sjøen. På sørside av fjorden er det ei smal stripe med litt jord mellom fjorden og foten av fjella. Ger er den vesle garden Vingen, og det er her dei fleste ristingane er funne. Frå Vingen er det fritt utsyn til fjellklippa Hornelen og den livlege skipstrafikken i hovudskipsleia.

Vingen ligg i eit landskapsvernområde oppretta i 1980. I 2001 vart det vedteke områdefreding i medhalv av Lov om kulturminne av 9. juni 1978.

Forteljingar rissa i berg

I tusenvis av år, over heile verda, har menneska festa bilete til bergflater og steinar. Motiva varierer. Menneske, dyr, gjenstandar og abstrakte mønster er anten malt, slipt eller hogd inn i berget. Vi som ser bileta tusenvis av år seinare, undrar oss over kva historier dei fortel. Men bileta er tause, og ingen informantar kan fortelje oss akkurat kva dei utrykkjer og forklare oss tankane bak bileta. Likevel freistar arkeologane å finne glimt og deler av historiene ved å sjå på samansetning av figurar og landsakpet dei opptrer i. Dateringar og anna arkeologisk materiale funne i nærleiken av ristningae, er også med på å gi informasjon.

 Bergbileta i Vingen.pdf - Adobe Reader 05.10.2009 130709.bmp

Les meir om helleristningane i Vingen i pdf-brosjyren

Sist oppdatert   05.10.2009  

Kontaktinformasjon

Visit FjordKysten AS
Strandgata 42
6900 Florø
E-mail: mail@fjordkysten.no

Tilsette i Visit FjordKysten

Sunnfjord Næringsutvikling
PB 133
6801 Førde
E-mail: post@sunnfjord.no

Tilsette i Sunnfjord Næringsutvikling

Turistinformasjon

Flora Turistinformasjon: +47 57 74 30 00

Førde Turistinformasjon: +47 57 72 19 59

Jølster Turistinformasjon: +47 57 72 85 88

Kalvåg Turistinformasjon: +47 48 14 04 88

Svelgen Turistinformasjon: +47 917 41 562

Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll: +47 57 73 90 20

 

Sunnfjord og FjordKysten