Annonser

FOTTURAR - FRÅ HAV TIL FJELL

Langs FjordKysten finn du nokre av Norges flottaste toppturar og vandreruter ved havet. Er du glad i frisk luft, vakker natur og ønskjer oppleve noko særeigent langs di vandrerute er dette staden å reise til!

FOTTURAR - FRÅ HAV TIL FJELL
Foto: Eiving Hauge

Vandringsvegar i kystlandskapet

Å vandre langs kysten er noko heilt spesielt – frisk sjøluft, bølgjer som slår inn mot berga, ruvande fjell i horisonten og irrgrønne heier - det gir ro i sjela. Dette kombinert med spanande historie og særeigent plante- og dyreliv gjer minner for livet. Bli med å opplev Nordsjøløypene og fantastiske toppturar!

Nordsjøløyper

Langs heile FjordKysten er det merka turstiar - Nordsjøløyper - som byr på rik historie, spanande flora og fauna og mange har flotte utsiktspunkt. Turane passar både vaksne og born og går i lett terreng. Dette er vandreruter det absolutt er verd å få med seg. Les meir om Nordsjøløypeneher

Spektakulære toppturar

Langs FjordKysten finn du nokre av dei mest spektakulære toppturane i Norge ute i havgapet. Du kan ikkje gå glipp av: Lihesten i Hyllestad ( xxx. m.o.h) som også vert kalt "Gygrekjeften", det kjente seglingsmerket Alden i Askvoll ( m.o.h.), Store Batalden i Flora ( m.o.h) og Hornelen i Bremanger som er Nord- Europas høgaste sjøklippe (og som Hurtigruta passarar dagleg, til stor glede for passasjerane). 

 

Skreddarsydd Vandreferie

Om du ønskjer oppleve fleire Nordsjøløyper og toppturar på same reise, kan vi anbefale rundreise med ekspressbåten opp og ned langs FjordKysten. Fleire stader kan du også bli med lokal guide som kjenner området godt og kan gi deg eit heilt spesiell oppleving av turen. Turistkontora og vertskap langs FjordKysten kjenner områda godt. Ta kontakt og dei hjelper deg gjerne med å finne vandreturar som passar best for deg og dine.  

Bu og ete

Det fins mange mulegheiter for overnatting - hytter, rorbuer, leiligheiter, gjestehus eller hotell. Ønskjer du servering fins der også mange hyggelege vertskap som tilbreder lokale delikatesser basert på ferske råvarer, frå områda ikring. 

Enkelt å kome seg hit

Til FjordKysten kjem du deg enkelt med ekspressbåt  som har to daglege avgangar frå Bergen heile året (lør-søn ein), med direktefly  til Florø frå Oslo (55 min) og Bergen (25 min) fleire gongar dagleg eller med buss  eller eigen bil.   

GOD TUR!

 

 

 

Sist oppdatert   21.10.2010  

Kontaktinformasjon

Visit FjordKysten AS
Strandgata 42
6900 Florø
E-mail: mail@fjordkysten.no

Tilsette i Visit FjordKysten

Sunnfjord Næringsutvikling
PB 133
6801 Førde
E-mail: post@sunnfjord.no

Tilsette i Sunnfjord Næringsutvikling

Turistinformasjon

Flora Turistinformasjon: +47 57 74 30 00

Førde Turistinformasjon: +47 57 82 22 50

Jølster Turistinformasjon: +47 57 72 85 88

Kalvåg Turistinformasjon: +47 48 14 04 88

Svelgen Turistinformasjon: +47 917 41 562

Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll: +47 57 73 90 20

 

Sunnfjord og FjordKysten