Gulatinget - Tusenårsstad for Sogn og Fjordane fylke og Gulen kommune

Gulatinget
Parken vart opna 27. august 2005 til minne om Gulatinget. Dette var den største regionale tingsamlinga i mellomalderen. Gulatinget danna utgangspunkt for at Noreg vart ein demokratisk rettsstat med eit styresett basert på representative samlingar. Bønder frå heile kysten samla seg i Gulen for å utforme lover og avseie dommar i saker - i direkte forhandling med kongen. Gulatingslova la grunnlaget for at Noreg vart eit samfunn basert på lov og rett. Samstundes gav tinget oss vårt første organiserte sjøbaserte forsvar med skipinga av Leidangen. Tingsamlinga på Gulatinget varte i meir enn 400 år.
Gulatinget - tusen år attende
 |
“Det er opphavet til lovane våre at vi skal bøye oss mot aust og be til den heilage Krist om godt år og fred og om det at vi kan halde landet vårt busett og landsherren vår heil. Han vere vår ven,og vi hans, og Gud ven til oss alle”.
Opningsord i den eldre Gulatingslova |
Gulatinget var ei årleg tingsamling som fann stad i Gulen frå ca. 900-1300 e.Kr. Gulatinget var eit av dei eldste og største tingsamlingane i Norden i mellomalderen. Tusenårsstaden Gulatinget er ein markering av at den norske representative styringsforma har tradisjonar som går over tusen år attende i tid.
Tingstaden
Skriftlege kjelder syner at Gulatinget var etablert allereie tidleg på 900-talet. Men tingsamlingane kan vere av eldre dato enn det dei skriftlege kjeldene kan stadfeste. Den eldste tingstaden låg, etter det ein kan tolke ut frå sagatradisjonen, i Eivindvik. Her finn ein fornminne frå same periode. To steinkrossar er sette opp på kvar si side av ein stor voll. Desse er sette opp i kristningstida, ca 950 - 1050. Det har og vore kyrkje i Eivindvik frå gamal tid. Kyrkja og krossane rundt vollen i Eivindvik ber bod om at staden var viktig alt 1000 år attende i tid. I Håkon Håkonssons saga heiter det at kongen lét byggje ei kyrkje på Guløy og flytta tinget dit, omkring midten av 1200- talet. I Landslova av 1274 står det at "rett tingstad no er i Guløy". Guløy er halvøya som ligg utafor Flolid, og Tusenårsstaden Gulatinget er reist i området der ein meiner at den nye tingstaden låg. Gulatinget vart seinare flytta frå Gulen til Bergen (omlag 1300) og held framsom Gulating lagmannsrett som i dag er ein rein domstol.
Frå allting til lagting
I byrjinga var Gulatinget etter alt å døme eit allting, der "alle frie våpenføre menn" hadde rett til å møte. Det eldste lovområdet til Gulatinget - Gulatingslag - omfatta det som i dag er Hordaland og Sogn og Fjordane. Dette var det eldste maktområdet til kong Harald Hårfagre. Han la også under seg det sørlegare Vestlandet, og det var truleg sonen Håkon den gode (935-961) som la Rogaland og Agder til Gulatingslag. Seinare kom også Sunnmøre til, og til slutt Valdres, Hallingdal og Setesdal. Utvidinga av Gulatinget sitt lovområde førte med seg ei omdanning frå allting til lagting. Kvart fylke peika ut sine lagmenn - eit visst tal menn som skulle representere sitt distrikt. Dermed vart representasjonsprinsippet i det norske styresettet etablert.

Gulatingslova
Bøndene på Gulatinget godkjente lovene som skulle gjelde, i direkte forhandlingar med kongen og kyrkja. Det var også imøtetmed representantane på tinget at kongen kunne forhandle omstøtte for politikken sin, i bytemot tenester og vern. Dei eldste kjende føresegnene i Gulatingslova ser ut til å stamme frå Håkon den godes tid. Lovene vartmemorert og formidlamunnleg inntil skriftkulturen fekk fotfeste, seinast under kong Olav Kyrre (1067–93). I dei tidlege fasane av Gulatinget si historie vart dei lovkyndige mennene (på Island kalla lovseiemenn) viktige på tinget. Dei skulle hugse alle lovene som var vedtekne. Etter kvart vart lovene nedskrivne og samla i ei lovsamling - Gulatingslova. Lova er den eldste lovsamlinga vi kjenner til i Norden. Den sikra bøndene ein sjølvråderett som er unik i nordisk og europeisk samanheng. Teksten er blitt til gjennom alle dei lovvedtak og revisjonar som tingbøndene var blitt samde om gjennom eit par hundreår. Lova finst i dag i eit handskrive manuskript - Rantzauboka - frå 1250.
DEI REGIONALE TINGSTADANE I NOREG
| Det utvikla seg regionale ting med tilhøyrande lovområde også i andre delar av landet. Det var Frostatinget, Eidsivatinget og Borgartinget. Alle desse lagtinga hadde eigne lover, med særeigne, men òg fleire likearta føresegner. Ved sida av Gulatingslova er berre Frostatingslova bevart fullt ut i noko yngre form. Av dei austnorske lovbøkene kjenner vi berre kristenrettane og eit lite brotstykke av den verdslege retten i |
 |
| Borgartingslova. Den største og mest fullstendige lovsamlinga var Gulatingslova. Kong Magnus Håkonsson - som også vart kalla Lagabøte (1263-80) fekk i 1274 skrive saman desse lovene til ei lovbok -Landslova. Landslova vart den første samla lova for heile riket. Dei fire tidlegare lovområda heldt likevel fram med sitt indre sjølvstyre. Eidsvollsmennene kjende til Magnus Lagabøte si Landslov då dei i 1814 samla seg for å lage ny Grunnlov for Noreg. Visse prinsipp frå Landslova og dermed også frå Gulatingslova kan kjennast att i Grunnlova. |

Les meir om Gulatinget i pdf-brosjyren