Korleis kome hit
Det er enkelt å nå Fjordkysten, anten med dagleg ekspressbåt frå Bergen, med Hurtigruten, fly til Florø eller med bil og buss.

Det er gode flyforbindelser med innanriksfly frå dei store flyplassane.
Kor ligger egentlig FjordKysten?
Vis Oversiktskart i et større kart
Det er enklare å kome til Fjordkysten enn mange trur. Fra Austlandet kan du køyre ferjefritt til Florø, og frå Bergen er det en kort og effektiv tur. Frå Oslo via Otta er det ca. 580 km, og via Fagernes omlag 480 km. Frå Bergen via Lavik er det ca. 135 km, og frå Ålesund ca. 126 km.
Det finst sjølvsagt mange andre alternativ til å køyre sjølv.
|
Raskaste vegen frå Bergen oppover langs FjordKysten er med ekspressbåt som går i rute mellom Bergen - Lygra kai - Mjømna - Sollibotn - Rysjedalsvika -Krakhella - Askvoll - Florø - Smørhavn - Leirgulen - Måløy - Selje. |
|
Hurtigruten stoppar i Florø. Hurtigruta vert rekna som ei av verdens vakraste båtreise og mange meiner FjordKysten er ein av dei vakraste strekningane. Ei reise med Hurtigruta er ein bekvem måte å reise på. Hugs at du og kan ta med deg bilen. |
|
Til FjordKysten kjem du deg lett med fly. Danish Air Transport (DAT) flyr fleire gangar dagleg direkte frå Bergen (25 min) og Oslo (1 t) til Florø. Du kan også fly frå Oslo og Bergen til Bringeland Lufthamn med WF. Det er enkelt å ta seg frå flyplassen i Bergen, som har internasjonale ankomstar, og vidare med ekspressbåt oppover langs FjordKysten. |
|
Lokale og regionale bussruter tek deg lett og rimeleg rundti. Frå OSLO - ta Sogn og Fjordane Ekspressen frå Oslo via Gol, Sogndal, Skei og Førde til Florø. Frå BERGEN - ta Ekspress-bussen mot Trondheim, gå av i Førde og ta bussen til Florø. Frå ÅLESUND - ta buss via Stryn og Førde til Florø. Rutetider: NorWay bussekspress. |
Det er også muleg å leige bil i regionen. Klikk på overskrifta for kontaktinformasjon. |
Sist oppdatert
20.10.2010