Annonser

Kvernsteinlandet - Steinhoggarliv i Hyllestad

Då den siste kvernsteinen vart hogd tidleg i 1930-åra, visste ikkje folk i Hyllestad at produksjonen her var meir enn tusen år gamal.

Kvernsteinlandet - Steinhoggarliv i Hyllestad
Foto: Stiftinga Jensbua
Kvernsteinlandet - Steinhoggarliv i Hyllestad
Foto: Stiftinga Jensbua

Det er dokumentert at kvernsteinshogginga i alle høve går attende til 700-talet.

I Kvernsteinsparken er det merka tursti. Her ser du tydelege merker etter steinhoggarkunst som er meir enn tusen år gamal. I fantasien kan du dra attende i tida. Høyre lyden av hoggjarn mot stein, høyre mannemåls glede eller mannemåls sut. Du kan stryke handa over steinen som aldri vart til noko, eller tenkje deg alle dei som for herifrå. Dei runde steinane som gjorde kornet til mjøl. Som metta munnar i inn- og utland i meir enn 1000 år.

 

FAKTA OM KVERNSTEINSPRODUKSJONEN

Produksjonen nådde eit toppunkt i mellomalderen, og kvernstein til handkverner vart eksportert til omlag heile Nord- og Østersjø-området. Åfjordsteinen var frå slutten av 900-talet og fram til ca. 1600 omlag einerådande som kvernstein i det gamle danske riket i Østersjøen. Med sine 27 km2 utgjer kvernsteinsbrota i Hyllestad eit av dei største kulturminneområda i landet. Det er ein bergart med kyanittførande granatglimmerskifer som er grunnlaget for den omfattande kvernsteinsproduksjonen. Granittglimmerskiferen let seg og lett forme til andre produkt som steinkrossar, gravheller, ljoresteinar m.m. Det er dokumentert at meir enn halvparten av dei store steinkrossane langs Vestlandskysten, kjem frå Hyllestad, bl.a. krossane i Korssund og Eivindvik.

 

HISTORISK VANDRING - GUIDA OMVISNING I KVERNSTEINPARKEN

Historisk vandring er ein minnerik tur med guide gjennom Kvernsteinsparken. Her kan du sjå og «røre ved» ei historie som er meir enn 1000 år gamal. Restar og spor etter kvernsteinsproduksjonen pirrar fantasien og nysgjerrigheita. Kvernsteinsparken i Hyllestad er eit vakkert landskap som sakte men sikkert har teke form under steinhoggaren sitt jarn. Pris: Vaksne kr. 50,–. Born kr. 30,–. Sesong: 24. juni – 31. august. Tirsdag – sundag, kl. 12.00–16.00.  

 

GRUPPER

Ein minnerik tur gjennom kvernsteinslandet. Du kan sjå på og «røre ved» ei historie som er meir enn 1000 år gamal. Ein tur for fantasi og undring. Inkluderer: Historisk vandring – varmt måltid m/kaffi og kvernsteinsbrød – Aktivitetar/demonstrasjon i Steinhoggarleiren. For grupper: 15–40 personar. Må tingast min. 2 dagar på førehand. Pris kr. 250,- per person. Påmelding til tlf. 57 78 95 35 / 95 75 85 14.

 

 

 

Kart over Kvernsteinlandet

Beskrivelse til kart om Kvernsteinlandet

ÅFJORDSTEIN - LEVANDE STEINTRADISJON

Åfjordstein har ført vidare dei gamle kvernsteinstradisjonane ved å hogge handkverner, smykke og suvenirar av granatglimmerskifer.

Tlf. 57 78 83 80 / 95 27 71 56.

www.aafjordstein.no

 

OTRINGSNESET (10)

I Hyllestad har det vore fleire utskipingsplassar for kvernstein, og to område som skil seg ut er Aurgota og Otringsneset på Rønset. Her er det så djupt vatn at skipa kunne laste om bord kvernstein ved svaberga.

 

NAMNET OTRINGSNESET KNYTER TRULEG

staden til ein bestemt båttype, åttringen. På Otringsneset kan du også finne to fortøyingshol hogd ut i svaberget med ein avstand på 9,25 meter, som skulle kunne passe bra med storleiken til ein åttring. Vi veit likevel ikkje om ein verkeleg har nytta åtteåra opne båtar til kvernsteinstransport. Den storstilte langdistanse- eksporten av kvernstein frå Hyllestad tyder på at det var skip med større lasteevne enn ein åttring som vart brukt til dette. Otringsneset (10) ligg i sykkelavstand (ca. 4,5 km) frå Kvernsteinsparken. På turen langs Svartedalsvegen har du fin utsikt mot Lihesten og Hyllestadfjorden. Det er og verdt å besøkje Hyllestad gamle kyrkjegard (8). På tilbakevegen kan vi anbefale ein tur innom Åfjordstein (9), og ein dukkert i Myklebustfjøra (6).

 

Vis Kvernsteinlandet i Hyllestad i et større kart

Sist oppdatert   01.12.2009   Av   Stiftinga Jensbua
RELATERTE PRODUKTER

Copyright © Kvernsteinparken

Hyllestad

Kvernsteinsparken

I kversteinparken har dei hogge kvernsteinar heilt frå vikingtida. Sjå spora i berg og landskap, og opplev ei historisk vandring i steinhoggarane sine fotefar. Like spennande for born som for vaksne! Kvernsteinsproduksjonen i Hyllestad starta for over...
Adresse: 6957 Hyllestad
Telefon: +47 57 78 95 00
E-post: post@kvernstein.no


Kontaktinformasjon

Visit FjordKysten AS
Strandgata 42
6900 Florø
E-mail: mail@fjordkysten.no

Tilsette i Visit FjordKysten

Sunnfjord Næringsutvikling
PB 133
6801 Førde
E-mail: post@sunnfjord.no

Tilsette i Sunnfjord Næringsutvikling

Turistinformasjon

Flora Turistinformasjon: +47 57 74 30 00

Førde Turistinformasjon: +47 57 82 22 50

Jølster Turistinformasjon: +47 57 72 85 88

Kalvåg Turistinformasjon: +47 48 14 04 88

Svelgen Turistinformasjon: +47 917 41 562

Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll: +47 57 73 90 20

 

Sunnfjord og FjordKysten