Vi tek deg med på eineståande opplevingar langs FjordKysten av Sogn og Fjordane. Her finn du det beste av det ekte og reine Norge har å by på. Vi kallar desse kystperlene «våre små hemmelegheiter», og deler gjerne med deg! FjordKysten er også innfallsporten til nokre av dei flottaste fjordopplevingar i verda. Du får dermed kremen av Norge servert med korte reiseavstandar!
FjordKysten av Sogn og Fjordane strekkjer seg frå Gulen i sør ved Sognefjorden til Bremanger i nord. FjordKysten ligg i skjeringspunktet mellom storhavet i vest og dei verdskjende fjordane austover i landet, og omfattar kommunane Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Flora og Bremanger.
Kysteventyr
Anten du likar mykje spaning og aktivitet eller kanskje du i staden søkjer fred og ro, har FjordKysten noko for alle. Den aktive finn eit eldorado for fysiske aktivitetar langs heile kyststripa. Du kan surfe på store havdønningar, padle mellom øyane, legge ut på fartsfylt havrafting, ta fotturar høgt til fjells eller sykle over øyar og fastland på spanande ruter. Den som søkjer avslapping, treng ikkje leite lenge etter fred og ro. På nærast urørte stader kan du finne den unike fiskestaden, den flotte badestranda eller den lune båtplassen. Du kan òg velje ein fyrferie som inkluderer overnattingar med historisk sus og flotte naturopplevingar. Å bruke båt er den flottaste måten å oppleve FjordKysten på. Innan korte avstandar kan du oppleve mange ulike øyar med eit særeige kulturlandskap, fyrtårn, skjergardar, fjordarmar og ikkje minst mange historiske stadar. Øyhopping er eit av tilboda i sommarsesongen som er lett tilgjengeleg frå Bergen, Sogn, Florø, Nordfjord og Askvoll.
Når du trur du har sett alt
Der er mykje meir å oppleve her i verda enn verdsmetropolar og tropisk klima. FjordKysten held på mange hemmelegheiter som du kanskje ikkje ein gong visste kunne leie til spanande opplevingar. Ei vandring langs FjordKysten tek deg til det vestlegaste ytterpunktet i Norge. Det milde klimaet og dei rike naturressursane har skapt eit kulturlandskap som er eventyrleg å reise gjennom. Kystperlene finn du på øyar og på fastlandet, med levande sjøhusmiljø og hyggjelege hamner. Opplev havets festbord med dei ferskaste råvarene, smak på nydeleg villsau eller friske, dampa blåskjel. Ta overnattingane på rorbuer eller fyr, besøk verneverdige, historiske bygningar og sjå merkje etter menneska som levde her før i tida.
Naturen
Kyststrekninga er prega av eit maritimt miljø knytt opp mot fiske, oppdrett og verftsindustri. Regionen inneheld elles eit aktivt og levande næringsliv innan mange ulike bransjar, der reiselivsbransjen er på frammarsj. Landskapet i dette området er vitner for naturkreftene som rår; - frå lune vikar med krittkvit sand og krystallklart reint vatn, til Nord-Europas høgaste sjøklippe Hornelen i Bremanger (860 moh). Her heiter det seg at heksene dansa både jonsokaftan og julaftan.
FjordKysten ligg i eit område rikt på naturressursar. Naturkreftene kan vere eit flott skode i seg sjølv, men kan og nyttast til næringsutvikling til dømes innan energiproduksjon. God infrastruktur langs kysten og innover i landet gjev grobotn for utvikling.
Klimaet på FjordKysten er mildt, takka vere golfstraumen som held oss snøfrie størstedelen av året.
Om lag ein tredjedel av befolkninga i Sogn og Fjordane bur på FjordKysten og området har eit rikt og variert kulturliv. Vi finn mange kulturpersonlegdomar frå denne regionen. Døme på dette er diktaren Jakob Sande og skodespelaren Alfred Maurstad.
Attraksjonar er det mange av frå Kinnakyrkja i Flora til Nordsjøporten mellom Bulandet og Værlandet , Utvær fyr i Solund, Kalvåg i Bremanger og Gulatinget, ”demokratiets vogge”.