Skibuss frå Florø til Jølster Skisenter
Frå 7. januar tilbyr Jølster Skisenter i samarbeid med Firda Billag skibuss frå Florø, via Naustdal og Førde til Jølster Skisenter. Bussen går kvar torsdag ettermiddag.

Foto: jølster skisenter
Denne sesongen kan Jølster Skisenter i samarbeid med Firda Billag tilby Skibuss frå Florø, via Naustdal og Førde, til Jølster Skisenter.
Bussen vert i første omgang sett opp kvar torsdag fom. 7 januar og skal gå fast heile sesongen.
Frå Florø vil Skibussen + heiskort koste kr. 300 t/r for born/ungdom, frå Førde noko mindre.
Du betalar for alt på bussen og heiskortet får du uttdelt når bussen kjem til Jølster Skisenter.

Avgang frå Florø kl. 16.30 - ankomst ca. 17.50
Avgang Jølster Skisenter kl. 21.10 - ankomst Florø ca kl. 22.30
Dersom skibussen får god respons vil tilbodet bli utvida så berre heng på.
Dersom du alt har sesongkort kostar bussen kr. 175 frå Florø og kr. 100 frå Naustdal/Førde.
Meir info:
Tel: 57 72 75 50
stig@jolsterskisenter.no
www.jolsterskisenter.no
Sist oppdatert
05.01.2010