Vi deler våre små hemmelegheiter med deg! Kvar andre veke tek vi deg med til ein yndlingsstad av nokon som bur på FjordKysten.
Denne veka: Anne-Karin Misje, yndlingsstad: Eivindvik

Anne-Karin deler sin vesle hemmelegheit med dere!
Foto: Anne-Karin Misje
"Då eg vaks opp i Bergen hørte eg om Gulatinget, men ingen kunne fortelje meg kvar det var – berre at det var ”litt nord for Bergen”. Det var heilt radikalt for meg at lagmenn frå Ålesund til Lindesnes, Setesdal, Hallingdal og Valdres reiste til Eivindvik for å delta på Gulatinget i over 400 år. Og at vestlandet var maktsenter i Noreg fordi kysten var så viktig. AT kongen budde her. Her går ein faktisk og labbar rundt midt i demokratiets vogge - i dag ein fredeleg og vakker idyll. Ein kjenner seg forbunde med fortida her, og staden har ein eigen ro. Difor likar eg Eivindvik."
 |
|
Eivindvik ligger idyllisk til, Foto: Anne-Karin Misje
|
Les Annes svar til spørjeskjemaet vårt:
Namn:
|
Anne-Karin Misje
|
Kvar bur du?
|
Pendlar mellom Bergen og Gulen
|
Kva gjer du?
|
Prosjektleiar for Tusenårstaden Gulatinget |
Kor gammal er du?
|
42
|
Kva likar du mest her på FjordKysten?
|
Den storslagne landskapet, stilla og den friske lufta
|
Kva likar du ikkje?
|
Fogderi, misunning og smålåtenskap. Det er snevert og kortsynt, og kveler all utvikling. Men det kjem seg itte kvart!
|
 |
| Mykkje moro i Eivindvik!, Foto: Anne-Karin Misje |
Yndlingsstad: Eivindvik
Kommune:
|
Gulen
|
Når var du der sist?
|
Eg er der i vekedagane
|
Når skal du dit igjen?
|
I morgon
|
Kvifor er plassen så spesiell?
|
Eivindvik er ein av dei viktigaste historiske plassane på vestlandet.
|
Kva gjer du når du er på din yndlingsstad?
|
Tenkjer på lovmennene som samla seg her i over 400 år og la grunnlaget for Noreg som demokrati og rettstat.
|
Kva skal du ta med neste gang du er der?
|
Kamera. Eg samarbeider med eit islandsk firma som skal lage ein tidsmaskin som vil få Gulatinget til gjennoppstå! |
 |
| Steinkors ved Eivindvik, Foto: Anne-Karin Misje |
Er du frista?
Les gjennom denne informasjonen for å finne ut korleis du kan finne Annes yndlingsstad.
Namn:
|
Eivindvik
|
|
Kommune:
|
Gulen
|
|
Godt å vite:
|
Eivindvik er kommunesenter i Gulen |
|
Parkering:
|
Du kan parkere på Prestekaia nedanfor Krossteigen
|
|
Slik kan du nå yndlingsstaden:
|
Du kjem med bil, buss eller båt til Eivindvik. Eller tu tar Fjord1 Ekspressbåt til Sollibotn, går Nordsjøløypa eller tek bussen til Eivindvik.
|
| Gangtid: |
30 minutters gange frå Sollibotn
|
| Ligger i nærheten: |
Tusenårstaden Gulatinget på Flolid er bygd til minne om Gulatinget. Parken inneheld kunstverk av Bård Breivik og ligger 4,5 km øst for Eivindvik. |
 |
| Foto: Anne-Karin Misje |
ANNES YNDLINGSSTAD PÅ KARTET:
= Annes yndlingsstad
= gamle yndlingsstader
Vis Min liten hemmeligheit i et større kart
Bur du langs FjordKysten og har ein yndlingsstad du gjerne vil dele med oss?
Send epost til mail@fjordkysten.no, emne: min vesle hemmelegheit