Vi deler våre små hemmelegheiter med deg! Kvar andre veke tek vi deg med til ein yndlingsstad av nokon som bur på FjordKysten.
Denne veka: Sander Ødelien, yndlingsstad: Porten i Storakersundet

Sander deler sin vesle hemmelegheit med dere!
Foto: Sander Ødelien
"Gardane Storakjen, Sagosen og Porten ligg heilt for seg sjølv i sundet aust for Krakhellesundet i Hyllestad Kommune. Plassen fekk rutestopp på Sunnfjordruta frå Bergen så tidleg som i 1877, og for 100 år sidan budde 100 menneske her, med sagbruk, høvleri, snikkarverkstad, skule og post. Hit henta dei tømmer frå eigen skog heilt frå Trøndelag, og drifta heldt fram heilt til fram på -50 talet. Dei spesielt store bustadhusa vitnar om stor rikdom, og restar av anlegga ligg der enno, med graskledde vegar og trolsk, forlatt stemning om lag som på Svalbard. Inst i osen ei fantastisk badeelv for ungane. Eg er der fleire gonger i året, og har vore der med både MS Atløy og seglbåt. Gamal, dårleg fendra steinkai (privat) ved ei stor falleferdig bu."
 |
|
Storakersundet, Foto: Sander Ødelien |
Les Sander sine svar til spørringsskjemaet vårt:
Namn: |
Sander Ødelien |
Kvar bur du? |
Florø |
Kva gjer du? |
Marknadsleiar i Firdaposten og arrangør av Fjordsteam 2010 |
Kor gammal er du? |
44 |
Kva likar du mest her på FjordKysten? |
Båtliv og dei mange øyane |
Kva likar du ikkje? |
Kunne ønskt meg meir spennande utval og fleir severingsstader langs leia. |
 |
| Ved kai, Foto: Sander Ødelien |
Yndlingsstad: Porten i Storakersundet
Kommune: |
Hyllestad |
Når var du der sist? |
Sommaren 2009 |
Når skal du dit igjen? |
Seinast med Fjordsteam i august |
Kvifor er plassen så spesiell? |
Ei trolsk stemning med ei heilt fantastisk bade-elv som ungane elskar. |
Kva gjer du når du er på din yndlingsstad? |
Slappar av i båten, badar med ungane i fossar og kulpar, leiter etter krabber i ei langgrunn fjøre og går på oppdagingsferd på graskledde vegar og falleferdige bruer. Også eit fint utgangspunkt for fjellturar. |
Kva skal du ta med neste gang du er der? |
4 veteranskip |
 |
| Det gamle skulehuset, Foto: Sander Ødelien |
Er du frista?
Les gjennom denne informasjonen for å finne ut korleis du kan finne Sander sin yndlingsstad.
Namn: |
Porten i Storakersundet |
Kommune: |
Hyllestad |
Godt å vite: |
Hald denne vesle hemmelegheita for deg sjølv! |
Parkering: |
Måtte blitt i Lifjorden, og så gå over Lihesten |
Slik kan du nå yndlingsstaden: |
Med båt, ligger i vika inne forbi øya Skorpa som ligg aust for Krakhellesundet |
Ikkje glem: |
Ha med godt med fortøyingstau, ikkje eigna å legge til i dårleg vær. Spør om lov til å legge til kaia. |
 |
| I sunda i Solund, Foto: Sander Ødelien |
SANDER SIN YNDLINGSSTAD PÅ KARTET:
= Sander sin yndlingsstad
= gamle yndlingsstader
Vis Min vesle hemmelegheit i eit større kart
Bur du langs FjordKysten og har ein yndlingsstad du gjerne vil dele med oss?
Send epost til mail@fjordkysten.no, emne: min vesle hemmelegheit