Annonser

Min vesle hemmelegheit

Vi deler våre små hemmelegheiter med deg! Kvar andre veke tek vi deg med til ein yndlingsstad av nokon som bur på FjordKysten.

Denne veka: Per Arne Tveit, yndlingsstad: Holken og Trollefossen i Holmedal

Per Arne deler sin vesle hemmelegheit med dykk!
Per Arne deler sin vesle hemmelegheit med dykk!
Foto: Per Arne Tveit

Holken og Trollefossen i Holmedal er den perfekte kopling av gammal industrihistorie, oppdagingsturisme og rein nyting. Turen går frå gjestebryggja, langs Bakkeelva til restane av Trollefossen Ullvarefabrikk og tilbake til bygdepuben Holken. På Holken held industrireisa fram på eit meir åndeleg plan med utsøkte vareprøver frå det skotske høglandet. Her kan du unne deg ei snill stund med ettertankar og ettersmak ved fjorden.
 

 

 holken

 Holken, Foto: Per Arne Tveit

 

Les Per Arne sine svar til spørjeskjemaet vårt:

 

Namn:

Per Arne Tveit

Kvar bur du?

Holmedal

Kva gjer du?

Prosjektleiar for Kystarven og sekretær for HAFS regionråd

Kor gammal er du?

49

Kva likar du best her på FjordKysten?

Det fantastiske møtet mellom land og hav. Det heilt spesielle lyset og alle dei små lokalsamfunna som ligg der og lengtar etter å fortelje sine eigne forvitnelege historiar.

Kva likar du ikkje?

Dommedagsprofetiar

  


Holmedal Gjestebryggje i morgonstemning
Holmedal Gjestebryggje i morgonstemning, Foto: Per Arne Tveit

 

Yndlingsstad: Holken og Trollefossen i Holmedal

 

Kommune:

Askvoll

Når var du der sist?

For eit par veker sidan

Når skal du dit igjen?

Så snart høvet byr seg

Kvifor er plassen så spesiell?

Trollefossen er både eit industriminne og ei naturoppleving. Holken er  ein whiskyspesialisert bygdepub med røter i gammal industritradisjon. Kombinasjonen av ettertankar og ettersmak er nesten ubetaleleg. (men dei finn nok ei ordning på Holken skal du sjå)

Kva gjer du når du er på din yndlingsstad?

Då ruslar eg frå Trollefossen ned langs Bakkeelva som var sjølve livsberven for industrieventyret, og inn på Holken for å nippe til ein Single Malt.

 Kva skal du ta med neste gang du er der?

Eit fotografiapparat, ein god kamerat og den beste spanderbuksa mi.

 

Er du frista?

 

Les gjennom denne informasjonen for å finne ut korleis du kan finne Per Arne sin yndlingsstad.

 

Namn:

Holken og Trollefossen

Kommune:

Askvoll

Godt å vite:

Holken på kaia i Holmedal er startpunkt og endepunkt for turen. Her ligg også Holmedal Gjestehamn med 10-15 moderne gjesteplassar ved flytebryggjer, og Helle Knivfabrikk sitt lager utsal.

Parkering:

I Holmedal sentrum ved gjestehamna

Slik kan du nå yndlingsstaden:

Med eigen båt eller bil til Holmedal, eller med Nordfjordekspressen til Askvoll og drosje/leigebil eller avtalt transport derifrå.

Gangtid:

Eg brukar ca 1 time på rundturen Holken - Trollefossen - Holken. Med litt fotografering og kvalitetstid under Trollefossen tek turen fort 2 timar.

Andre viktige, særskilde ting?

Holmedal bygdemuseum fortel heile historia gjennom sine utstillingar. Dei opnar dørene for deg dersom du ringjer dei eit par timar på førehand.

 

Spaserturen frå Holken  startar ved gjestehamna og går austover langs kyrkjegarden til du kryssar Bakkeelva over Bakkebrua. Etter ca 75 meter på Rv 609 tek du til venstre oppover gardsvegen til Bakke. Her passerar du eit gammalt klyngjetun med kjende røter tilbake til høgmellomalderen. Så held turen fram langs kommunevegen til Engjabøen der du passerar ein eldgammal bøkeallè før du tek til venstre i vegkrysset og held fram mot Bakkeelva. Når du møter hageporten til det siste bustadhuset under Engjabølia, tek du til venstre ned til elva og den gamle fabrikktomta. I enden av den gamle ullvarefabrikken (1898 – 1932) finn du ei gangbru over elva. Litt lenger oppe i elva finn du Trollefossen som forsynte fabrikken med kraft. Herifrå går du opp gjennom granskogen til Vassverkvegen som du følgjer ca. 2 km i sørleg retning tilbake til fjorden, sentrumsområdet og Holken. Her startar ei ei ny kulturreise til dei 200 år gamle industritradisjonane i det skotske høglandet.
 

 

 

 

 

PER ARNE SIN YNDLINGSSTAD PÅ KARTET:


aktuelle yndlingsstad i rødt= Per Arne sin yndlingsstad

gamle yndlingsstader i blått= gamle yndlingsstader 

 


Vis Min vesle hemmelegheit i eit større kart

 

 

 

Bur du langs FjordKysten og har ein yndlingsstad du gjerne vil dele med oss?

Send epost til mail@fjordkysten.no, emne: min vesle hemmelegheit

 

Sist oppdatert   05.07.2010  

Flora Turistkontor Strandgata 30 N-6900 Florø Tlf: +47 57 74 30 00 Email: mail@fjordkysten.no ; Stiftinga Jensbua, Postboks 24, N-6961 Dale Tlf: +47 57 73 90 20 Email: stiftinga@jensbua.no