Annonser

Min vesle hemmelegheit - Ingrid Hansen

Vi deler våre små hemmelegheiter med deg! Kvar andre veke tek vi deg med til ein yndlingsstad av nokon som bur på FjordKysten.

Denne veka: Ingrid Hansen, yndlingsstad: Einingsfjellet

Ingrid deler sin vesle hemmelegheit med dere!
Ingrid deler sin vesle hemmelegheit med dere!
Foto: Ingrid Hansen

 "Ingen annan stad eg veit om gir så mykje for så lite… Turen er nett starta – og plutseleg er  du snart på toppen. På vegen opp anar du kva som venter deg. Du har sett utsikta  og stoppa mange gonger for å få med deg ting som rører seg  i horisonten – eller lydar som gjer deg merksam på endringar i utsynet. Når du tek dei siste stega opp mot toppen forstår du at det som venter deg der oppe vil gje deg nok ei overrasking. Du kan berre finne fram kaffikoppen – her er det nok å feste auga på og la tankane flyge LENGE."

 

 

Utsikt frå Einingsfjellet

Utsikt frå Einingsfjellet, Foto: Ingrid Hansen

 

Les Ingrid sine svar til spørjeskjemaet vårt:

 

 

Namn:

Ingrid Hansen

Kvar bur du?

Dale i Sunnfjord

Kva gjer du?

Kulturarbeider

Kor gammal er du?

50

Kva likar du best her på FjordKysten?

Optimisten

Kva likar du ikkje?

Manglande offentleg kommunikasjon

 

  

 

 

Einingsfjellet
Einingsfjellet, Foto: Ingrid Hansen

 

Yndlingsstad: Einingsfjellet

 

Kommune:

Fjaler

Når var du der sist?

I haust

Når skal du dit igjen?

Så snart snøen minkar

Kvifor er plassen så spesiell?

Plutseleg er du der - med den fantastiske utsikta - i alle himmelretningar - og langt til havs.

Kva gjer du når du er på din yndlingsstad?

Uansett kva tid på døgnet ein er finn ein alltid noko å feste auget på - eit skip på veg nordover - ein båt i sakte fart inn fjorden - fuglar rundt båten til ein fiskar - (sikkert tysk turist...) - bilar på vegen. Ingenting av dette gjeld meg nett no - eg kan berre finne roen og gjere ingenting - og la tankane flyge.

 Kva skal du ta med neste gang du er der?

Kaffi og kamera held lenge.

 

   

Alden frå Einingsfjellet
Alden frå Eidingsfjellet, Foto: Ingrid Hansen
         

Er du frista?

 

Les gjennom denne informasjonen for å finne ut korleis du kan finne Ingrid sin yndlingsstad.

 

Namn:

Einingsfjellet

Kommune:

Ytre Fjaler

Godt å vite:

Det kan vere orm i området - sjå deg for.

Parkering:

Ikkje så mange parkeringsplassar - men det er som regel mogeleg å finne ein plass å sette bilen.

Slik kan du nå yndlingsstaden:

Har alltid køyrt bil sjølv - Dale, Flekke, Hellevik, Våge - og så nokre kilometer mot Korssund. Stien er skilta ved parkeringsplassen.

Gangtid:

Få 20 til 60 minutt... kjem ann på formen og årsaka til at du går nett denne vegen. Kva er viktigast?; trim eller utsikten under vegs.

Ha aldri dårleg tid - det er heilt sikkert ting du vil oppdage og stoppe å sjå på under vegs.

 

 

 

 

 

 

INGRID SIN YNDLINGSSTAD PÅ KARTET:


aktuelle yndlingsstad i rødt= Ingrid sin yndlingsstad

gamle yndlingsstader i blått= gamle yndlingsstader 

 


Vis Min vesle hemmelegheit i eit større kart

 

 

 Bur du langs FjordKysten og har ein yndlingsstad du gjerne vil dele med oss?

Send epost til mail@fjordkysten.no, emne: min vesle hemmelegheit

 

Sist oppdatert   28.06.2010  

Flora Turistkontor Strandgata 30 N-6900 Florø Tlf: +47 57 74 30 00 Email: mail@fjordkysten.no ; Stiftinga Jensbua, Postboks 24, N-6961 Dale Tlf: +47 57 73 90 20 Email: stiftinga@jensbua.no