Vi deler våre små hemmelegheiter med deg! Kvar veke tek vi deg med til ein yndlingsstad av nokon som bur på FjordKysten.
Denne veka: Anita Schinharl, yndlingsstad: Høydalsnipa

Foto: Anita Schinharl
No er det for mykkje snø til å komme seg opp til Høydalsnipa, men Anita gleder seg til neste år. >>Utsikten er fantastisk og stien opp dit er heilt magisk! Vi såg alt frå ein foss som skjærte seg gjennom stein til lune, grøne enger. Dette er ein fjelltur du ikkje kjem til å gløyme!<<
Høydalsnipa, som også er kjent som Ytre Håsteinen er den minste av dei to Håstein-toppane. Fordelen er at den ligger nærare havet. Fjelltoppen er forma som ein spiss og tilbyr ei uforgløymeleg utsikt og bratte kantar. Håsteinen er kanskje større, men Høydalsnipa er meir imponerande!

Les Anitas svar til spørringsskjemaet vårt:
Namn: |
Anita Schinharl |
Kvar bur du? |
Florø |
Kva gjer du? |
Eg er musikker med en sterk tendens til reiseliv... |
Kor gammal er du? |
26 |
Kva likar du mest her på FjordKysten? |
At vi bur rett ved havet! |
Kva likar du ikkje? |
At det finnes ikkje mange loppemarked her. |
Yndlingsstad: Høydalsnipa
Kommune: |
Flora |
Når var du der sist? |
Sommaren 2009 |
Når skal du dit igjen? |
Så snart som mulig! |
Kvifor er plassen så spesiell? |
Eg har aldri gått ein sti som var meir variert enn den opp til Høydalsnipa. |
Kva gjer du når du er på din yndlingsstad? |
Eg er klar for at vi klarte turen, nyter utsikta og tar eit hoppebilde. |
Kva skal du ta med neste gang du er der? |
Primusen! Neste gang skal vi lage hamburger der oppe! |
Er du frista?
Les gjennom denne informasjonen for å finne ut korleis du kan finne Anitas yndlingsstad.
Namn: |
Høydalsnipa |
|
Kommune: |
Flora |
|
Adresse: |
Bruk stien frå Store Høydal |
|
Godt å vite: |
933 moh
Stien er merka med raude t-ar |
|
Parkering: |
Parker bilen på Store Høydal |
|
Slik kan du nå yndlingsstaden: |
-
Bil: kjør til Store Høydal, RV 611
-
Buss: 14-602 Førde-Naustdal-Vevring-Stavang-Florø; Stoppested: Store Høydal |
| Gangtid: |
3,5 timar |
ANITAS YNDLINGSSTAD PÅ KARTET:
Vis Min liten hemmeligheit i et større kart
Bur du langs FjordKysten og har ein yndlingsstad du gjerne vil dele med oss?
Send epost til mail@fjordkysten.no, emne: min vesle hemmelegheit