Vi deler våre små hemmelegheiter med deg! Kvar veke tek vi deg med til ein yndlingsstad av nokon som bur på FjordKysten.
Denne veka: Mirjam Amundsen, yndlingsstad: Nipebu

Foto: Mirjam Amundsen
’Nipebu er verkeleg imponerande! Plassert i eit vakkert område med fiskevatn og nydelege fjell. DNT hytta er utrusta med detaljar bare ein dreven fjell og hyttebuar har kunnskapar om, så det er tydeleg at hytta er bygd av flinke folk. Hytta har både båt og kano som gir en ekstra aktivitet som vil falle i smak hos mange. Fiske kan man og. Hytta har til og med ein gitar som kan brukast av gjestane.’

Les Mirjams svar til spørringsskjemaet vårt:
Namn: |
Mirjam Amundsen |
Kvar bur du? |
Florø |
Kva gjer du? |
Eg er danselærer ved Flora Kulturskole |
Kor gammal er du? |
27 |
Kva likar du mest her på FjordKysten? |
Familien min og naturen. |
Kva likar du ikkje? |
Jeg likar alt! |
Yndlingsstad: Nipebu
Kommune: |
Askvoll |
Når var du der sist? |
På søndag, 04.10.09 og overnatta til 05.10.09. Temperaturen låg rundt 4grader på søndagen då vi gjekk opp. Måndag vakna vi at alt var snøkvitt! Vakkert! |
Når skal du dit igjen? |
Når som helst! Drar dit gjerne igjen! |
Kvifor er plassen så spesiell? |
Nipebu med si DNT hytta er plassert idyllisk med Langevatnet. Det som imponerte meg mest var noko eg vil kalle den best plasserte dusjen i verda! Nemleg ein utandørsdusj! |
Kva gjer du når du er på din yndlingsstad? |
Nipebu med si DNT hytta er plassert idyllisk med Langevatnet. Det som imponerte meg mest var noko eg vil kalle den best plasserte dusjen i verda! Nemleg ein utandørsdusj! |
Kva skal du ta med neste gang du er der? |
Eg skal ta med meg så mange vener og familie som mulig (Noko som kan bli relativt mange tatt i betraktning på størrelsen på familien min åleine.) for å dele opplevinga med kjære. |

Er du frista?
Les gjennom denne informasjonen for å finne ut korleis du kan finne Mirjams yndlingsstad.
Namn: |
Nipebu |
|
Kommune: |
Askvoll |
|
Adresse: |
Bruk stien frå Markadsvatnet |
|
Godt å vite: |
500 moh
Godt skotøy anbefalast då der er ein del myr i byrjinga av stien (frå Makavatnet).
Der finst fleire ruter ein kan gå. Eg valde å gå frå Markavatnet. Turen startar med skilting ’Nipebu’ og stien er ein godt merka T-sti.
Alternative ruter
Massbu - Nipebu
Fossevikja – Nipebu
Vagstad – Nipebu
Stongfjorden - Nipebu |
|
Parkering: |
Det er plass til eit par bilar der skiltet ’Nipebu’ står. |
|
Slik kan du nå yndlingsstaden: |
|
| Gangtid: |
Det tar om lag 3t å gå opp. Turen er gangbar for dei aller fleste. |
MIRJAMS YNDLINGSSTAD PÅ KARTET:
Vis Min liten hemmeligheit i et større kart
Vis Nipebu i et større kart
Bur du langs FjordKysten og har ein yndlingsstad du gjerne vil dele med oss?
Send epost til mail@fjordkysten.no, emne: min vesle hemmelegheit