Vi deler våre små hemmelegheiter med deg! Kvar veke tek vi deg med til ein yndlingsstad av nokon som bur på FjordKysten.
Denne veka: Marit Gjerstad, yndlingsstad: vraket Welheim ved Tansøy

Marit deler sin vesle hemmelegheit med dere!
Foto: Marit Gjerstad

Foto: Marit Gjerstad
Fjordkysten er eit eldorado for dykking. Ein er nærme øyrika utanfor fastlandet og der finn ein utruleg flotte og varierte stadar egna for dykking. Florø froskemannsklubb har eigen dykkebåt og kjørar turar 2-4 gangar i månaden. Det er også fleire flotte dykkeplassar frå land slik at ein ikkje er avhengig av båt for å dykke. Eg likar best naturdykk og vrakdykk. Welheim ligg like utanfor Florø, ved øya Tansøy. Det er eit fascinerande og intakt vrak som er flott å dykke på.

Les Marits svar til spørringsskjemaet vårt:
Namn: |
Marit Gjerstad |
Kvar bur du? |
Florø |
Kva gjer du? |
Næringskonsulent i Sunnfjord 2020 |
Kor gammal er du? |
31 |
Kva likar du mest her på FjordKysten? |
Nærleiken til sjø og det brede spekteret av natur |
Kva likar du ikkje? |
Forfallet som kan det kan vere i tattstadene langs kysten. |
Yndlingsstad: Dykkestadene langs fjordkysten, særskilt vraket Welheim
Kommune: |
Flora |
Når var du der sist? |
1. august i år. |
Når skal du dit igjen? |
Å dykke på Welheim krev at ein har tilgang på båt og at det er bra ver, men det kan tyde på at det blir ein tur i november. |
Kvifor er plassen så spesiell? |
Vrakdykking er ein mektig oppleving. Welheim er eit flott vrak som er berre 20 min unna med båt frå Florø. Welheim var eit tysk forsyningsskip for de tyske styrkene i Noreg under andre verdskrig. Det ble torpedert 28. november 1944 like for Tansøy. Skipet er 134,7 m langt. Det ligger på ein dybde frå 13 til 70 meter. |
Kva gjer du når du er på din yndlingsstad? |
Nyter vraket og som regel er det mykje fisk som oppheld seg rundt vraket. |
Kva skal du ta med neste gang du er der? |
Naudsynt utstyr til dykking :-) |

Er du frista?
Les gjennom denne informasjonen for å finne ut korleis du kan finne Marits yndlingsstad.
Namn: |
Welheim vrak ved Tansøy |
|
Kommune: |
Flora |
|
Adresse: |
under havet :-) |
|
Godt å vite: |
Det er sjølvsagt eit krav om at du må ha dykkarsertifikat, Florø Froskemannsklubb arrangerar dykkarkurs, det neste startar 30.okt. sjå meir på heimesida.
|
|
Meir informasjon om vraket Welheim og dykking: |
http://dykkepedia.com/wiki/Welheim
sjå også bilder og film frå Welheim og andre dykkemål på www.froskemannsklubben.no
Dykking i Norge: www.dykkepedia.com
|
|
Slik kan du nå yndlingsstaden: |
Florø Froskemannsklubb kan bistå om du og dykkeklubben ønskjer tur til Welheim. |
| Kjøretid: |
20 min frå Florø |

MARITS YNDLINGSSTAD PÅ KARTET:
= Marits yndlingsstad
= gamle yndlingsstader
Vis Min liten hemmeligheit i et større kart
Bur du langs FjordKysten og har ein yndlingsstad du gjerne vil dele med oss?
Send epost til mail@fjordkysten.no, emne: min vesle hemmelegheit