Vi deler våre små hemmelegheiter med deg! Kvar veke tek vi deg med til ein yndlingsstad av nokon som bur på FjordKysten.
Denne veka: Kristin Maurstad, yndlingsstad: Sykkeltur Bryggja-Flatraket-Selje-Åheim-Bryggja

Kristin deler sin vesle hemmelegheit med dere!
Foto: Kristin Maurstad

Pause med sjokolade
Foto: Kristin Maurstad
"Sykkelturen Bryggja-Flatraket-Selje-Åheim-Bryggja er ei runde det er verdt å slite seg ut for. Ein bevegar seg frå fjøre til fjell i nesten 8 mil. Turen inneheld tre fjellovergangar og ein er innom tre kommunar og to fylke."

Flister og Flistrahornet, foto: Kristin Maurstad
Les Kristins svar til spørringsskjemaet vårt:
Namn: |
Kristin Maurstad |
Kvar bur du? |
Bryggja i Vågsøy |
Kva gjer du? |
Prosjektleiar i Måløy Vekst |
Kor gammal er du? |
29 |
Kva likar du mest her på FjordKysten? |
Den tilgjengelege og varierte naturen. At det er kort vei til å gå på ski sjølv om ein bur ved sjøen. |
Kva likar du ikkje? |
Skulle gjerne hatt litt meir snø også ved sjøen… |
Yndlingsstad: Sykkeltur Bryggja-Flatraket-Selje-Åheim-Bryggja
Kommune: |
Vågsøy, Selje og Vanylven |
Når var du der sist? |
I juni i år. Det flotte veret første del av sommaren i år gav gode sykkelmuligheiter. |
Når skal du dit igjen? |
Det må bli til våren igjen. |
Kvifor er plassen så spesiell? |
På runda er ein innom ei mengde flotte plassar. Ein må over tre fjellovergangar, noko som gjer turen variert. Og så forflyttar ein seg relativt raskt på sykkel og blir passe sliten av 8 mil på sykkelsetet. |
Kva gjer du når du er på din yndlingsstad? |
Får ikkje gjort så mykje anna enn å trø, dersom ein skal kome seg rundt i rimeleg tid. Eg brukar å ha ei pause halvvegs, på ei gamal mjølkerampe i Moldefjorden. Der nyt eg ei stor plate Freia Melkesjokolade. |
Kva skal du ta med neste gang du er der? |
Sjokolade og mykje drikke. Banan fungerer også godt som sykkelniste. Det er sjølvsagt kjekt å ta turen saman med nokon, helst ein person som er i litt betre form enn meg sjølv, men ikkje i så god form at humøret mitt blir øydelagt.
|

Hamna på Flatraket, foto: Kristin Maurstad
Er du frista?
Les gjennom denne informasjonen for å finne ut korleis du kan finne Kristins yndlingsstad.
Namn: |
Sykkeltur Bryggja-Flatraket-Selje-Åheim-Bryggja |
|
Kommune: |
Vågsøy, Selje og Vanylven |
|
Godt å vite: |
Dette er ein rundtur, så ein kan starte kvar ein vil på ruta. Eg sjølv føretrekk å sykle ”med klokka”, men vindretninga kan vere avgjerande her. Ta med rikeleg med drikke og helst litt energirik mat. |
|
Parkering: |
Det finst ei mengde plassar å parkere bilen på, avhengig av kvar ein vil starte. |
|
Slik kan du nå yndlingsstaden: |
Kvar som helst på strekninga. Du kan reise med buss (sjå www.nor-way.no , holdeplass Bryggja, for hele Norge eller ruteinfo.net for busslinjar i Sogn og Fjordane, holdeplasser: Selje, Bryggja, Flatraket, Åheim osv.) eller med ekspressbåt til Selje eller Måløy (sjå www.fjord1.no) Det er tillat å ta med sykkel. |
| Kjøretid: |
Ca. 3 timar |

Utløpet til Stad skipstunnel i Kjødepollen, foto: Kristin Maurstad
Vis Roundtrip by by bicycle: Bryggja-Flatraket-Selje-Åheim-Bryggja i et større kart
Kristins YNDLINGSSTAD PÅ KARTET:
= Kristins yndlingsstad
= gamle yndlingsstader
Vis Min liten hemmeligheit i et større kart
Bur du langs FjordKysten og har ein yndlingsstad du gjerne vil dele med oss?
Send epost til mail@fjordkysten.no, emne: min vesle hemmelegheit