Annonser

Min vesle hemmelegheit - Øyvind Bang-Olsen, Gangtur til Hatlesetnipa, spesielt på vinterkveldar

Vi deler våre små hemmelegheiter med deg! Kvar andre veke tek vi deg med til ein yndlingsstad av nokon som bur på FjordKysten.

Denne veka: Øyvind Bang-Olsen, yndlingsstad: Gangtur til Hatlesetnipa, spesielt på vinterkveldar

Øyvind deler sin vesle hemmelegheit med dere!
Øyvind deler sin vesle hemmelegheit med dere!
Sjokolade og appelsin på toppen og ei god historie
Sjokolade og appelsin på toppen og ei god historie
Foto: Øyvind Bang-Olsen

 

"Mørke frå himmel og lyse frå byen gjer dette til en spesiell opplevelse"

 

 

 

 

 Slik ser utsikten ut frå toppen på ein romjulsettermiddag, foto: Øyvind Bang-Olsen

Slik ser utsikten ut frå toppen ein romjulsettermiddag, foto: Øyvind Bang-Olsen

 

 

Toppen er nådd, utsikt mot det store mørke og opplyst by, foto: Øyvind Bang-Olsen

Toppen er nådd, utsikt mot det store mørke og opplyst by, foto: Øyvind Bang-Olsen 

 

Les Øyvind sine svar til spørringsskjemaet vårt:

 

 

Namn:

Øyvind Band-Olsen

Kvar bur du?

Florø

Kva gjer du?

Dagleg leiar i Sunnfjord2020, FNH og Flora Næringseigedom

Kor gammal er du?

45

Kva likar du mest her på FjordKysten?

Lyset, skiftingane, mørke kveldar i skogen og smågalne kystfolk

Kva likar du ikkje?

Skulle hatt meir snø, og fleire optimistiske Sunnfjordingar.

 

Rådslaging i skogen, foto: Øyvind Bang-Olsen

Rådslaging i skogen, foto: Øyvind Bang-Olsen

 

Yndlingsstad: Gangtur til Hatlesetnipa, spesielt på vinterkveldar

 

Kommune:

Flora

Når var du der sist?

Romjula 2009

Når skal du dit igjen?

I løpet av 14 dagar. 

Kvifor er plassen så spesiell?

Å gå frå Grov, opp på ein rygg for så å karre seg opp på Hatlesetnipa. Då har eg Eikefjorden på sørsida, Nordalsfjorden i nord og utsikt til lysa frå Florø by i vest.

Kva gjer du når du er på din yndlingsstad?

Nyt inntrykka frå skiftingane i den mørke himmelen, skydekke og lysa frå byen. Pustar tungt i motebakken på veg mot toppen som haleheng til mine turkompisar, guttar med sans for høgt tempo.

 Kva skal du ta med neste gang du er der?

Tok med meg kamera og stativ denne gangen. Det skal eg gjere igjen.

 

  

Turgjengen, foto: Øyvind Bang-Olsen 

Turgjengen, foto: Øyvind Bang-Olsen

 

 

Er du frista?

 

Les gjennom denne informasjonen for å finne ut korleis du kan finne Øyvind sin yndlingsstad.

 

Namn:

Gangtur til Hatlesetnipa, spesielt på vinterkveldar

Kommune:

Flora

Godt å vite:

Turen krev at ein kjenner terrenget, i alle fall dersom du legg ut på tur på vinterkvelden. Dersom det er snø kan ein fylgje oppgådde spor. Du bør ikkje gå aleine eller dersom du ikkje er kjent. Langs ruta er det nokre bratte parti der snø kan skjule issvullar. Turen er sjølvsagt fin også på dagtid.

Om sommaren er alle stigar opp til Hatlesetnipa ein flott familietur. 

Parkering:

Avkøyrsel om lag 1 km etter kryss ved RV5 mot Svelgen.

Slik kan du nå yndlingsstaden:

Med bil: 

Ta av frå RV5 ved Grov til Svelgen. Ta av ein skogsveg og parker der. Avkøyrsla og skogsvegen kjem brått etter garden du passer etter å tek av frå.

Med buss:

Holdeplass Grov mellom Florø og Førde. Bussen stoppar rett ved kryss RV5/ 614. Derfrå er det ca 15 min å gå til Parkeringsplassen.

Gangtid:

Ca. 1,5 time på vinterstid til toppen. Rekn med 1 time tilbake.

Om sommaren tar turen ca 1 time opp og ca 45 min ned.

 

Hatlesetnipa, foto: Øyvind Bang-Olsen 

Hatlesetnipa, foto: Øyvind Bang-Olsen

 

 


Vis Hatlesetnipa hiking trails i et større kart

 

 

 

ØYVIND SIN YNDLINGSSTAD PÅ KARTET:


aktuelle yndlingsstad i rødt= Øyvind sin yndlingsstad

gamle yndlingsstader i blått= gamle yndlingsstader 


Vis Min liten hemmeligheit i et større kart

 


 Bur du langs FjordKysten og har ein yndlingsstad du gjerne vil dele med oss?

Send epost til mail@fjordkysten.no, emne: min vesle hemmelegheit

 

Sist oppdatert   26.01.2010  
RELATERTE PRODUKTER

Copyright © www.firdaposten.no

Flora

Hatlesetnipa turstiar

1,5 - 2 timar. Fin familietur som startar frå Hatleset, like ved den nedlagde sementvarefabrikken. Ein følgjer skogsvegen til skytebana. Deretter godt merka skogssti og gamal stølsveg, delvis varda. Lett å ta feil idet ein kjem opp på fjellryggen, der...


Flora Turistkontor Strandgata 30 N-6900 Florø Tlf: +47 57 74 30 00 Email: mail@fjordkysten.no ; Stiftinga Jensbua, Postboks 24, N-6961 Dale Tlf: +47 57 73 90 20 Email: stiftinga@jensbua.no