Vi deler våre små hemmelegheiter med deg! Kvar andre veke tek vi deg med til ein yndlingsstad av nokon som bur på FjordKysten.
Denne veka: Egil Totland, yndlingsstad: Storevåghornet

Egil deler sin vesle hemmelegheit med dere!

Fanneskardvarden i det fjerne
Foto: Egil Totland
"Frå Storevåghornet har du ei vakker utsikt til Keipen/Botnane i aust, Hovden /Batalden og Frøyskjera i sør, vidare Frøyaberga og Mulen i vest og til slutt Frøyfjellet med Fanneskarvarden i Nord. I frå Storevåghornet kan du gå vidare ned til Kjerringhalsen (Minnetfyrlykt) eller du kan gå innover Storeroggene og til Nigardsfjøsane, du kan og om du vil gå vidare til Fanneskardvarden frå Storevåghornet. Like ved Storevåghornet er det eit lite vatten som du kan sette deg ned ved og gjerne lage deg eit lite båt og koke ein kopp kaffi."

Storevåghornet sitt frå Steinset ved Kalvåg, foto: Egil Totland.
Les Egil sine svar til spørringsskjemaet vårt:
Namn: |
Egil Totland |
Kvar bur du? |
Kalvåg |
Kva gjer du? |
V&M Offsholeder for Aker Solutions på Snorre A plattforma. |
Kor gammal er du? |
43 |
Kva likar du mest her på FjordKysten? |
Sjøen, fjella og naturen |
Kva likar du ikkje? |
Attgroing av kulturlandskapet |

Utsikt frå Storevåghornet søndag 10 januar 2010, Kalvåg i framgrunnen. Foto: Egil Totland.
Yndlingsstad: Gangtur til Storevåghornet
Kommune: |
Bremanger |
Når var du der sist? |
10 januar 2010 på ski |
Når skal du dit igjen? |
Den neste månaden. |
Kvifor er plassen så spesiell? |
Går opp ifrå huset mitt og vidare på ryggen av Vågefjellet, flott ustikt over Frøyskjera. |
Kva gjer du når du er på din yndlingsstad? |
Nyt utsikta og naturen. |
Kva skal du ta med neste gang du er der? |
Kikkert. |

Utsikt frå Storevåghornet søndag 10 januar 2010, Frøyaberget med Mulen. Foto: Egil Totland.
Er du frista?
Les gjennom denne informasjonen for å finne ut korleis du kan finne Egil sin yndlingsstad.
Namn: |
Gangtur til Storevåghornet |
|
Kommune: |
Bremanger |
|
Godt å vite: |
Stien er ikkje merka. |
|
Parkering: |
Ved krysset til Svehaugane, gå deretter 5 minutt opp til Steinsetehøgda og vidare opp på fjellet. |
|
Slik kan du nå yndlingsstaden: |
Kan gå i frå Kalvåg sentrum og ut mot Steinset, gå opp på fjellet ved fe-rista på Steinsetehøgda. Vidare opp til Lisjevåghornet og deretter langs ryggen på Vågefjellet, då ser du varden på Storevåghornet i det fjerne. |
| Gangtid: |
Ca. 45 minutt |

Steinset med Frøyskjera i bakgrunnen, foto: Egil Totland

Slik ser utsikten ut frå toppen søndag 25 oktober 2009, foto: Egil Totland

Storeroggene, foto: Egil Totland
Vis Storevåghornet i et større kart
EGIL SIN YNDLINGSSTAD PÅ KARTET:
= Egil sin yndlingsstad
= gamle yndlingsstader
Vis Min liten hemmeligheit i et større kart

Fanneskardvarden i det fjerne, foto: Egil Totland

Varden på Storevåghornet, foto: Egil Totland
Bur du langs FjordKysten og har ein yndlingsstad du gjerne vil dele med oss?
Send epost til mail@fjordkysten.no, emne: min vesle hemmelegheit