I åra 2003-2009 segla fartøya til Fjord1 Fylkesbaatane med to flagg: Fjord1 sitt og Fylkesbaatane sitt. Laurdag 10. oktober 2009 vart Fylkesbaatane-flagget firt for alltid. Rederiflagget til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF) var i sitt slag eit av dei eldste i heile landet.

Fylkesbaatane sitt flagg, og Fjord 1 sitt, side om side på ei av ferjene til Fjord 1 Fylkesbaatane sommaren 2008.
Foto: Sogn og Fjordane fylkesarkiv

Fylkesbaatane-flagget er i sitt slag eit av dei eldste i landet.
Foto: Sogn og Fjordane fylkesarkiv
X i midtfeltet
Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane blei skipa i 1858 under namnet Nordre Bergenhus Amts Dampskibe. Namnet vart endra frå 1. januar 1919. Rederiflagget til FSF er eit raudt splittflagg med blått kryss på kvitt midtfelt. Som kjennemerke og symbol har rederiflagget vore brukt mange stader og i mange samanhengar: i toppmasta, i emalje på offisershuer, som baugpryd, på skåpdører, på koppar og kaffikanner, på brevark og konvoluttar, med meir.

Det opphavlege rederiflagget, med kjenningsbokstaven X og nummeret 105.
X-merket i midtfeltet har ei spesiell forklaring. Erling Virkesdal fortel om Fylkesbaatane-flagget i eit hefte han laga for Bergens Sjøfartsmuseum i 1979: Det står:
KOMPANIFLAGGET
Fylkesbaatane sitt kompaniflagg er eit av dei eldste i landet. Kompaniflagg, eller rederiflagg, kom i bruk på midten av1800-talet. Med aukande flåte vart det etter kvart naudsynt å kunne gi seg til kjenne når farty møttest.
Alt i 1829 vart det bestemt at kvar sjøfartsby i landet skulle ha sitt kjenningsflagg, identifikasjonsflagg. Flagget skulle vere tre alen breiT [1 alen - 0,67 m] og fire alen langt (...) med bokstav og nummer på.
Første bokstav i alfabetet - A - fekk Oslo. Så følgde ein byane langs kysten. Når ein kom til Bergen, var ein komen til X i alfabetet.
Fylkesbaatane er eitt av dei få selskapa som tydelegast har teke vare på denne kjenningsbokstaven", skriv Virkesdal til slutt.

Skipsførar Olav Bøthun i jubileumsåret 1958. FSF-flagget i emalje er det sentrale elementet på offisershua.
Fylkesbaatane-kjennemerka - usikker framtid?
I 2003 gjekk Fylkesbaatane med i storkonsernet Fjord1. Mange frykta då at det var slutten for FSF-flagget, saman med skorsteinsmerket og namnet Fylkesbaatane. Det skjedde ikkje. Det raude flagget med kvitt felt og kryss blafra side om side med Fjord1-flagget, Fylkesbaatane var med i Fjord1-namnet og det raude bandet pryda skorsteinane.
I 2008 sa administrerande direktør i Fjord1, Stig Kristoffersen, frå om at at Fjord1 Fylkesbaatane kom til å satsa meir berre på Fjord 1 som merkevarenamn. Namnet Fylkesbaatane ville "bli mindre synleg". NRK brukte tittelen "Fylkesbaatane snart historie" som tittel på saka. Historikar Johs. B. Thue i Balestrand sa straks frå om at ingen måtte finna på å stryka dei gamle, innarbeidde kvalitetsmerka, - namnet, flagget og skorsteinsmerket. Det vil vera eit "enormt tap", sa han.
Flagget fjerna hausten 2009
Den 10. oktober 2009 vart Fylkesbaatane-flagget heist og fira for siste gong. Det kjende splittflagget til Fylkesbaatane hadde då vore brukt på meir enn 100 fartøy i 151 år. – ”Vemodig”, kommenterte administrerande direktør i Fjord1 Fylkesbaatane, Stig Kristoffersen. Han opplyste at det var Fylkesbaatane sitt 150-årsjubileum i 2008 som gjorde Fylkesbaatane-flagget ikkje vart fjerna straks etter at Fylkesbaatane gjekk med i Fjord1-konsernet i 2001.

Fylkesbaatane sin firmakonvolutt 1964. Rederiflagget er med i maskinstempel-klisjeen og i vignetten nede på konvolutten.
Kommentarar
Våren 2009 opplyste Fjord1 Fylkesbaatane at Fylkesbaatane-flagget ville bli fjerna i løpet av året. Det meinte somme noko om. Både før flagget blei fjerna og etterpå kom det kommentarar. Dei aller fleste stilte seg undrande:
- ”Galskap”, kommenterte ein billettør på ei av Fjord1 Fylkesbaatane-ferjene kontant straks etter.
- ”Trist at gamle rederiflagg forsvinner”, skreiv ein overstyrmann i Tide Sjø på ei nettside.
- ”Helt historieløst (...) Er det ingen i dette konsernet som har noen som helst motforestillinger”, uttrykte ein annan seg på nettet.
Kjennemerke
Frå gammalt bestod identitetsmerka til eit rederi av tre element: namnet, flagget og skorsteinsmerket. Etter 10. oktober 2009 fekk Fjord1 Fylkesbaatane ei blanding; flagget til konsernet Fjord1 og skorsteinsmerket til Fylkesbaatane.
Kilde: Sogn og Fjordane fylkesarkivet www.fylkesarkiv.no
--------------------------------------------------------------------------------
Artikkelnummer: SFFkl-109993
Forfattar og datering: Hermund Kleppa, 2009
Prenta kjelder: Virkesdal, Erling: Sjøfart. Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane - FSF Bergens Sjøfartsmuseum. 1979.
Stensaker, Asbjørn: Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år. 1958.
Kopier lenkje til denne artikkelen: http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=109993&spraak_id=1&ptype=single
--------------------------------------------------------------------------------
Tilleggsinformasjon: Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi? Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no