Kystmuseet ynskjer velkomen til den første av i alt fire fotoutstillingar i jubileumsåret for Florø i 2010: Christoffer L. Berg (1870 – 1929)

Kystmuseet ligger vakkert til
Berg var den første som etablerte seg som fotograf i Florø. Han vart fødd i Florø, men emigrerte til faren Nils Alfred i Amerika allereie som 13-åring. Han kom attende som utlært fotograf og etablerte fotoforretning med atelier i huset til mora. Nokre år etter at Berg døyde, vart fotoarkivet etter han kasta under ei opprydding. Berre nokre få glasplater overlevde. Utstillinga kan vitjast på Kystmuseet fram tom. 14. mars 2010.
Har du Berg-bilete?
Kystmuseet har sett i gong ein innsamlingsaksjon av Berg-bilete som finst i privat eige rundt omkring, og vi har allereie fått inn fleire bilete! Ta gjerne kontakt per telefon eller e-post dersom du har bilete museet kan få låne i utstillingstida:
Tlf. 57 74 22 33, e-post: museum@kyst.museum.no
Kystmuseet vil vise heile 4 fotoutstillingar med sterkt Flora-preg til 150 års jubileet i 2010: Tre generasjonar Florøfotografar og ein amerikanar! Dei tre Florøfotografane er Christoffer L. Berg, Malvin Horne og Are Fjellestad. Desse tre utstillingane vil til saman gje tidsbilete frå byen Florø og omegn frå 1890-talet og fram til i dag.
Opningstidar:
Måndag - fredag: 10.00 - 15.00
Sundag: 12.00 - 15.00
Billettprisar:
Vaksne: kr. 40,-
Pensjonistar/studentar: kr. 30,-
Skuleborn tom. vidareg.: gratis
Grupper (min.10 pers.): kr. 35,- pr. pers.
Kunstutstilling: kr. 25,
Årskort familie: kr. 200,-
Vis TurTips 19.02.2010 Fotoutstilling - Chr. Berg, Kystmuseet i Florø i et større kart
Besøkande som kjem med eige buss køyrer inn Brendøyvegen og stopper ved avkøyrsla til Kystmuseet. Det er så 300 meter å gå (bussane er for store til å køyre heilt fram). Besøkande som kjem med rutebåt kan ta ringbussen frå rutebilstasjonen, 300 meter frå hamna. Ringbussen går kvar heile og halve time, og bruker ca. 15 minutt til Brendøyvegen. Derifrå er det ca. 800 meter å gå til Kystmuseet. Same retur. Kystmuseet ligg ca. 2 kilometer frå sentrum av Florø, dvs. ca. 30-40 minutt gangtid.