TurTips i veke 8: Ta turen til Gulatinget, Tusenårsstaden i Sogn og Fjordane!

Tusenårstaden i Gulen
Vertskommunen for Tusenårsstaden Gulatinget er kystkommunen Gulen.
Gulen ligg sørvest i Sogn og Fjordane på grensa til Hordaland. Landarealet er på 596 km2, inkludert 1500 øyar, holmar og skjer.
Spennet er langt frå dei yste nakne øyane mot Nordsjøen i vest, til dei frodige landbruksbygdene mellom dei ville fjella i aust. Dei 2300 fastbuande fordelar seg jamt på dei fire skulekrinsane Brekke, Dalsøyra, Eivindvik og Byrknes.
Eivindvik er kommunesenteret i Gulen, og her står du på historisk grunn. Det var nemleg her at Gulatinget først vart samla.
Skriftlege kjelder syner at Gulatinget var etablert allereie tidleg på 900-talet. Men tingsamlingane kan vere av eldre dato enn det dei skriftlege kjeldene kan stadfeste. Den eldste tingstaden låg, etter det ein kan tolke ut frå sagatradisjonen, i Eivindvik.
Her finn ein fornminne frå same periode. To steinkrossar er sett opp på kvar si side av ein stor voll. Desse er sette opp i kristningstida, ca 950 - 1050. Det har og vore kyrkje i Eivindvik frå gamal tid. Kyrkja og krossane rundt vollen i Eivindvik ber bod om at staden var viktig alt 1000 år attende i tid.Tusenårsstaden
Gulatinget er ope for publikum heile året. Det er også omvisning for gruppar på Tusenårsstaden og i Eivindvik etter avtale.
Kontakt: Tlf. 57782006
Epost: Gulatinget@gulen.kommune.no
Her kan du høyre suset frå fortida omringa av flott natur!
Turen passar for alle aldersgrupper og ein kan køyre heilt fram til staden og her er gode parkerings moglegheiter.
Gulatinget ligg ca 2 timar frå Førde og 2 timar frå bergen med bil.
Frå Førde køyrer ein til Vadheim via Sande. Deretter til Lavik og Rysjedalsvika.
Ta ferje frå Rysjedalsvika til Rutledal. Når de kjem av ferja så ta av mot Eivindvik.
Frå Bergen køyrer ein mot Lindås og tar ferje frå Leirvåg til Sløvåg
Vis TurTips 26.02.2010 Gulatinget i et større kart