Annonser




TurTips 19.03.2010

TurTips i veke 11: Bompengefritt til jubileumsbyen! Kl. 12.00 laurdag 20. mars er slutt på bompengane i Naustdaltunnellen.

Bompengefritt til jubileumsbyen Florø!
Bompengefritt til jubileumsbyen Florø!
Laurdag 20. mars er slutt på bompengane i Naustdaltunnellen.
Laurdag 20. mars er slutt på bompengane i Naustdaltunnellen.

Det blir endå ein grunn til å besøke jubileumsbyen. For å ferie dette, legg handelsstanden i Florø i lag med ei rekkje organisasjonar opp til familiedag i Florø. Ikkje berre blir det billegare å komme seg til Florø, men det blir lagt opp til ei heile rekkje hyggelege aktivitetar som er gartis eller har sterkt reduserte prisar. 
Ved bompengestasjonen blir det ei kort markering der tidlegare samferdsleminister Kjell Opseth løfter av bommen. Så blir det fanfare og musikk ved Trude Skarvatun og Florø Hornmusikk. Nokre av gjestane flyttar seg til kafe Nærleiken i Eikefjord, men for folk flest er vegen open for å køyre til bompengefest og familiedag i Florø.

På programmet står m.a.:
-    Open dag på ridesenteret i Brandsøy
-    Barnas Turlag arrangerer tur med bål og grilling i Storeåsen
-    Krigshistorielaget har omvising i bunkerane
-    Rekebåten er på plass
-    Famileidag på Havhesten med reduserte prisar
-    Fleire aktivitetar er under planlegging

I tillegg held butikkane ope til kl.16.

Sist oppdatert   19.03.2010  
RELATERTE PRODUKTER


Flora Turistkontor Strandgata 30 N-6900 Florø Tlf: +47 57 74 30 00 Email: mail@fjordkysten.no ; Stiftinga Jensbua, Postboks 24, N-6961 Dale Tlf: +47 57 73 90 20 Email: stiftinga@jensbua.no