Annonser

TurTips 29.01.2010

Denne veke anbefaler vi å besøke det sjarmerande fiskeværet Kalvåg. Ver med verten å drage fiskeruser og få servert fisken på restauranten, eller ta den med heim. La fisken smelte på tunga – det gjer den nemlig på Knutholmen !

Kalvåg i vinterdrakt
Kalvåg i vinterdrakt
På tur i Kalvåg
På tur i Kalvåg

Mange har teke turen til Kalvåg om sommaren, anten langs landevegen, med ekspressbåt eller med eigen båt. Kalvåg i januar er for mange ei ukjend oppleving – men for andre ei vel så flott tur som på andre delar av året.

 Korleis kjem du dit:

Tek du ekspressbåten frå Bergen, har du ein flott tur oppover. Turen tek vel 3,5 timar og du landar i Smørhamn. Her tek du bussen 5 minutt til Kalvåg. Kjem  du landevegen, tek du ferja Kjelkenes – Smørhamn eller Måløy – Oldeide. Øyriket her ute er elles knytt til fastlandet med undersjøisk tunnel frå fastlandet ved Rugsund.

 Overnatting:

Du kan overnatte på Knutholmen i Kalvåg. Dette er eit rorbu – hotell med moderne fasilitetar og høg standard på overnattingane. Frukost og andre måltid tek du i Restaurant Knutholmen direkte på brygga i Kalvåg. No er tida for å få gode prisar på overnatting.

Kalvåg

Kalvåg

Kalvåg i måneskinn

Vinter i Kalvåg

 

Opplevingar:

Det vesle fiskeværet er i seg sjølv ei oppleving. Her ligg sjøhusa tett i tett langs vågen. Det er ei tett – på – sjøen – oppleving å vere i Kalvåg. Alt er retta mot sjøen og nærleik til sjøen. Her kan du spasere langs brygga og ha all verdens ro og fred.

No på vinteren har verten på Knutholmen eit allsidig fiskeri føre seg. Det er ei flott oppleving å vere men han ut å drage fisketeine i nærleiken. Fisken og krabbane ein dreg opp kan ein anten ynskje seg til middag, eller ha opp i miniakvariet ved Knutholmen. Her kan ein følgje med fisken ein har vore med å drege opp. Vil du ha fiske med heim, får du sjølvsagt det.

Knutholmen

Knutholmen

Fantastisk mat på Knutholmen

Fersk sjømat

 

Du lever godt på Knutholmen i Kalvåg. Matopplevinga er berre ei nytig frå ende til anna. La fisken smelte på tunga – det gjer den nemlig på Knutholmen!

 

 


Vis TurTips 29.01.2010 Knutholmen i Kalvåg i et større kart

 

 

 

Sist oppdatert   11.06.2010  
RELATERTE PRODUKTER

Copyright © Knutholmen

Bremanger

Knutholmen - Kalvåg

Likar du god atmosfære, god mat og ramsalt kystkultur? Då er Knutholmen og fiskeværet Kalvåg ein stad du vil trivast. Vi er ikkje hotell, men i gangavstand rundt den vesle vågen finn du rorbuene, restauranten med dansegolv, hotellromma og kurslokala....

Copyright © Knutholmen

Bremanger

Knutholmen - Kalvåg Servering

Likar du god atmosfære, god mat og ramsalt kystkultur? Då er Knutholmen og fiskeværet Kalvåg ein stad du vil trivast. Vi er ikkje hotell, men i gangavstand rundt den vesle vågen finn du rorbuene, restauranten med dansegolv, hotellromma og kurslokala....


Kalvåg bat på kaia

Bremanger

Kalvåg

Fiskeveret Kalvåg ligg heilt ytst i havgapet, med Nordsjøen som nabo i Vest og Stad mot Nord. Øya er omkransa av 700 holmar og skjer, og her kan ein oppleve eit nesten urørd stykkje Norge. I Kalvåg finn ein gjestebryggjer med alle service-fasiliteter....


Copyright © Knutholmen

Bremanger

Knutholmen - Kalvåg Gjestehamn

Likar du god atmosfære, god mat og ramsalt kystkultur? Då er Knutholmen og fiskeværet Kalvåg ein stad du vil trivast. Vi er ikkje hotell, men i gangavstand rundt den vesle vågen finn du rorbuene, restauranten med dansegolv, hotellromma og kurslokala....


Flora Turistkontor Strandgata 30 N-6900 Florø Tlf: +47 57 74 30 00 Email: mail@fjordkysten.no ; Stiftinga Jensbua, Postboks 24, N-6961 Dale Tlf: +47 57 73 90 20 Email: stiftinga@jensbua.no