Annonser

Om FjordKysten

For å styrkje reiselivssatsinga på fjordkysten av Sogn og Fjordane, er det etablert eit selskap som skal koordinere aktivitetar og drive overbyggjande marknadsføring for dei mange små og store aktørane i regionen.

Visit FjordKysten AS - Vi deler hemmelegheitene med deg!
Visit FjordKysten AS - Vi deler hemmelegheitene med deg!
Om FjordKysten

Bak oppretting av selskapet står Sunnfjord2020, Stiftinga Jensbua og Bremanger Hamn og Næring KF. Fjordkysten er eit omgrep som stadig oftare vert nytta om kyststrekninga i Sogn og Fjordane mellom Gulen i sør og Selje i nord. Som innfallsport til dei verdskjende fjordane, representerer fjordkysten ein særeigen og eksotisk destinasjon som interesserer stadig fleire turistar. No ønskjer det lokale reiselivet å ta ut ein større del av potensialet som ligg i denne turistdestinasjonen. – Det viser seg at vi har eit stort potensial i å vise oss fram som eit samla tilbod. Kvar einskilt aktør i regionen kan få tilgang til ein større marknad ved å verte marknadsført som ein del av ein større heilskap. Visit FjordKysten blir eit selskap som skal ta seg av marknadsføring og profilering av dei sju kystkommunane Gulen, Solund, Fjaler, Askvoll, Hyllestad, Flora og Bremanger. Visit FjordKysten skal ha som oppgåve å koordinerer store delar av reiselivssatsingane på kysten. Sunnfjord 2020, Stiftinga Jensbua og Bremanger Hamn og Næring KF skal ha lokalt ansvar for turistinformasjon, prosjekt og lokal reisemålsutvikling. Saman med dei lokale selskapa er målet å marknadsføre heile breidda av opplevingar og overnattingsmoglegheiter langs FjordKysten av Sogn og Fjordane. Sjå prospekt her.

 

Visit Fjordkysten AS er:

platzhalter

Dagleg leiar:

Wenny Hansen

Strandgata 27
6900 Florø
Tlf: +47 91 14 98 68
wenny@fjordkysten.no

 

 

platzhalter

 

 

Marknads- og webansvarleg:

Siri Stavang

Strandgata 27
6900 Florø
Tlf: +47 98 03 19 49

siri@fjordkysten.no

 

 

 

 

 

Sist oppdatert   24.09.2010  

Kontaktinformasjon

Visit FjordKysten AS
Strandgata 42
6900 Florø
E-mail: mail@fjordkysten.no

Tilsette i Visit FjordKysten

Sunnfjord Næringsutvikling
PB 133
6801 Førde
E-mail: post@sunnfjord.no

Tilsette i Sunnfjord Næringsutvikling

Turistinformasjon

Flora Turistinformasjon: +47 57 74 30 00

Førde Turistinformasjon: +47 57 72 19 59

Jølster Turistinformasjon: +47 57 72 85 88

Kalvåg Turistinformasjon: +47 48 14 04 88

Svelgen Turistinformasjon: +47 917 41 562

Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll: +47 57 73 90 20

 

Sunnfjord og FjordKysten