Annonser

Skriv utSkriv ut

Fyrsafari i Flora


GPS koordinater
Breddegrad: 61.599763268
Lengdegrad: 5.0298929214
Kontakt
Sted
Fyrsafari

Adresse:
Strandgata 30
6900 Florø

Telefon57 74 30 00
E-postpost@kystrafting.no
Webwww.kystrafting.no


Beskrivelse
Bli med på fartsfullt rundtur med RIB-båt til dei vakre fyra rundt Florø! Her får du lære om lokal historie og du kjem tett på natur og dyreliv.

Dette opplever du

På denne turen set ein kursen vestover gjennom skjergarden som omgir Florø. Ein passerer fyra Stabben, Ytterøyane og Kvanhovden. Dette området byr også på eit rikt dyreliv. Bli ikkje overraska om du undervegs på turen ser kobbe og sel som kviler på skjera, nysgjerrige niser som dukkar opp like ved båten eller majestetiske havørner som sirklar i lufta. Turen går vidare mellom tronge sund, holmar og skjer i øygruppa Batalden. Her får ein høyre historier frå krigen, sildefisket og moderne tid. Ein stoppar på Fanøy for ein kaffipause på den lokale daglegvarehandelen før ein setter kursen tilbake mot Florø.

 

Om fyra

Stabben fyr ligg på ein holme ved innseglinga til Florø. Fyret vart satt i drift i 1867 og vart bygd på grunn av det farlege, ureine og straumsterke farvatnet som førte til mange forlis og grunnstøytingar. Fyrstasjonen består av sjølve fyrbygninga, eit naust og ei landing som ligg tett samla på den vesle holmen. I 1975 vart fyret automatisert og avbemanna. Stabben fyrstasjon er ein av dei mest særprega fyrstasjonane i landet og har vore eit ynda motiv for kunstnarar og fotografar sidan det stod ferdig for meir enn 140 år sidan. Fyrstasjonen er i dag på Riksantikvaren sin nasjonale verneplan for fyrstasjonar.

 

Ytterøyane fyr er det største fyret i Sunnfjord og vart bygd i 1881. Fyret har stått gjennom både orkanar og flyåtak. Sjølve fyrtårnet er 31 meter høgt. Området rundt fyret er kjenneteikna av ein fargesprakande blomsterflora og eit rikt dyreliv, og er i dag verna som naturreservat.

 

Kvanhovden fyr står på ei klippe lengst vest på øya Hovden i Flora, 40 meter over havflata. Dette er eit av dei høgste plasserte fyrhusa i Norge. Fyret vart bygd i 1895 og automatisert i 1980.  Fyret er i dag eit populært turmål, med Nordsjøløypa på øya som går til fyret. Det er mogleg å overnatte på fyrstasjonen, som er enkelt innreidd og har plass til 15 personar.

 

Rutetider. Sesong: 14.juni – 31.august.

Turen går fast kvar torsdag med avgang frå Florø kl 12.00.

Varigheit om lag 3 timar.

 

Vi tek atterhald om at vêrforholda tillet at vi utfører turen. Plass til 12 personar.



Billettprisar:

Vaksen: 680 kr, born: 350 kr


Informasjon og påmelding:

Flora Turistinformasjon, tlf 57 74 30 00.

E-post: floraturistkontor@gmail.com

 

 



Relaterte produkter
Copyright © www.kystrafting.no

Flora

Kystrafting

Kystrafting tilbyr unike opplevelser i fantastisk kystnatur! Turene går med RIB- båt og passer perfekt for familier, vennelag, grupper og firma som ønsker komme nær naturen og havet. EKSEMPLER PÅ TURER: - SAMMENSATT TUR - Slik du vil.. Vi legger...

Stabben Fyr

Flora

Fyrstasjonar i Flora

Fyrvesenet si historie i Norge er spanande. For ca. 150 år sidan starta det store arbeidet med å byggje fyrstasjonar langs den lange og farlege kysten vår. Før den tid måtte dei sjøfarande hjelpast av bål og kolbrennare frå land, deretter overtok...

Diterbilde

Flora

Kvanhovden Fyr

Vil du oppleve noko utanom det vanlege? Ja, då er overnatting på ein fyrstasjon noko for deg. Kvanhovden Fyr ligg like utanfor Florø, ca, 30 min. køyring med båt. Ytst ute i havgapet, kor himmelen går i eitt med havet, finn ein fyret. Heilt oppe på ei...

Kinnaklova

Flora

Kinn

Heilt ute i havgapet ligg den irrgrøne, grasdekte øya; Kinn. Områda rundt Kinn var det sentrale sildefeltet i Norge i store delar av 1800-talet. På det meste budde det ca. 15 000 menneske her og på omkringliggande øyar i sildesesongen. I dag er det 9...

Copyright © Vestkysten Reiseliv AS

Flora

Øya Hovden

Hovden er største øya i Flora kommune. Den består av Devonsk sandstein og konglomerat med eit mektig og variert naturterreng. Er berglendt med atlantiske lyngheiar, fjellvatn og kulturlandskap. Nordsjøløype med fire merka turvalg m.a. til Kittang, Domba,...


Kontaktinformasjon

Visit FjordKysten AS
Strandgata 42
6900 Florø
E-mail: mail@fjordkysten.no

Sunnfjord Næringsutvikling
PB 133
6801 Førde
E-mail: post@sunnfjord.no

Turistinformasjon

Flora Turistinformasjon: +47 57 74 30 00

Førde Turistinformasjon: +47 57 82 22 50

Jølster Turistinformasjon: +47 57 72 85 88

Kalvåg Turistinformasjon: +47 48 14 04 88

Svelgen Turistinformasjon: +47 917 41 562

Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll: +47 57 73 90 20

 

FjordKysten_web_svart