Annonser

Gulen

Gulen kommune består av øyar, holmar og skjær i tillegg til fastlandet. Eivindvik er kommunesenteret, og kommunen har totalt 2.320 innbyggjarar.

 Gulen har historisk sett vore ein landbruks og fiskeri kommune. Desse næringane er fortsatt viktige med ca.170 gårdsbruk i aktiv drift. Dei seinare åra har og havbruk blitt stadig viktigare og Gulen kommune er den største havbrukskommunen i Sogn og Fjordane med 20 laksekonsesjonar i drift. Det er også fleire anlegg for fiskeforedling.

Gulatinget

På Flolid i Gulen er det reist ein skulpturpark som markerar at Gula-tinget møtte ved Gulafjorden i fem hundre år. Frå år 1300 vart tinget flytta til Bergen. Det var på tinget dei viktige politiske drøftingane gjekk føre seg, og avgjerdene blei tekne. Tingfolket var representantar for bøndene på Vestlandet og Gulatinget er såleis i slekt med dei representative institusjonane som vi har i dag som kommunestyre og Storting. Det gamle tinget vart og nytta som lovting, der det blei dømt både i sivile og straffesaker. Den norske bilethoggaren Bård Breivik er ansvarleg for dei kunstnarlege elementa. Eitt kunstverk som i seg sjølv kan nyttast til scenografien for utandørs-, danse- og musikkførestillingar i eit vakkert og særprega naturområde.

Gulatinget

Omvisning heile året

NOK 50/30

Informasjon:

gulatinget@gulen.kommune.no

Tel: 57 78 20 06

www.gulatinget.no

 

Skjerjehamn

skjerjehamn

Skjerjehamn er ein gamal handelsstad frå midten av 1600-talet, og eit viktig knutepunkt for skipstrafikken på Vestlandet. Her har det bl.a. vore pensjonat, slipp, trelastlager, fiskemottak, post, telegraf og butikk. I dag er Skjerjehamn igjen ei perle på kysten; med den stolte statuen av Kong Olav V som vokter staden og leia. Her er det og tilbod om overnatting, servering, gjestehamn, arrangement og sightseeingturar. Meir informasjon: www.skjerjehamn.no

 

 

Sist oppdatert   15.02.2010  

Kontaktinformasjon

Visit FjordKysten AS
Strandgata 42
6900 Florø
E-mail: mail@fjordkysten.no

Tilsette i Visit FjordKysten

Sunnfjord Næringsutvikling
PB 133
6801 Førde
E-mail: post@sunnfjord.no

Tilsette i Sunnfjord Næringsutvikling

Turistinformasjon

Flora Turistinformasjon: +47 57 74 30 00

Førde Turistinformasjon: +47 57 82 22 50

Jølster Turistinformasjon: +47 57 72 85 88

Kalvåg Turistinformasjon: +47 48 14 04 88

Svelgen Turistinformasjon: +47 917 41 562

Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll: +47 57 73 90 20

 

Sunnfjord og FjordKysten