Korleis kome hit
Det er enkelt å nå Fjordkysten, anten med dagleg ekspressbåt frå Bergen, med Hurtigruten, fly til Florø eller med bil og buss.

Det er gode flyforbindelser med innanriksfly frå dei store flyplassane.
Kor ligger egentlig FjordKysten?
Vis Oversiktskart i et større kart
Det er enklare å kome til Fjordkysten enn mange trur. Fra Austlandet kan du køyre ferjefritt til Florø, og frå Bergen er det en kort og effektiv tur. Frå Oslo via Otta er det ca. 580 km, og via Fagernes omlag 480 km. Frå Bergen via Lavik er det ca. 135 km, og frå Ålesund ca. 126 km.
Det finst sjølvsagt mange andre alternativ til å køyre sjølv.
Raskaste vegen frå Bergen er med båten. Som går i rute mellom Bergen - Lygra kai - Mjømna - Sollibotn - Rysjedalsvika -Krakhella - Askvoll - Florø - Smørhavn - Leirgulen - Måløy - Selje
|
|
Hurtigruten stoppar i Florø, Måløy og Ålesund på vegen mellom Bergen og Trondheim. Ein distansereise er ein bekvem måte. Hugs at du og kan ta med deg bilen.
|
Sogn og Fjordane har fire flyplassar. Dei ligg i Florø, Førde, på Sandane og i Sogndal. Det er enkelt å ta seg frå flyplassen i Bergen, som har internasjonale ankomstar, og vidare med ekspressbåt. |
|
Det er rimelig og enkelt å ta seg fram med buss. Me har lokale bussrutar såvel som regionale rutar med tilknytning både til Bergen, Trondheim og til Oslo. Nordfjordekspressen frå Oslo går via Garderrmoen, Otta og Stryn til Måløy. Sogn og Fjordane Ekspressen går via Gol til Sogndal, Skei, Førde og Florø. Frå Bergen kan du ta Ekspressbussen til Trondheim, stiga om i Førde og ta bussen til Florø. Frå Ålesund går det og buss via Stryn til Førde. Rutetider finn du hos NorWay bussekspress.
|
Det finst ein rekke firma som leiger ut biler i regionen. Klikk på overskrifta for ein oversikt. |
Sist oppdatert
25.10.2009