Likar du god atmosfære, god mat og ramsalt kystkultur?
Då er Knutholmen og fiskeværet Kalvåg ein stad du vil trivast. Vi er ikkje hotell, men i gangavstand rundt den vesle vågen finn du rorbuene, restauranten med dansegolv, hotellromma og kurslokala. Kalvåg i seg sjølv er eit stort levande hotell! Vi har mat frå havet som vår spesialitet. Ferske råvarer er viktig for eit godt resultat, vi ligg så og seie midt i spiskammerset med fiskefelta berre eit steinkast utanfor. Ta med deg familie, gode venner, kollegaer eller kundar til fiske og opplevingsparadiset Kalvåg.
RESTAURANT
Vi er kjende for god mat i Kalvåg. Dette omdømme set vi vår ære i å halde fast ved. Vi tykkjer mat er spanande og råvarene frå havet får du ikkje ferskare enn i Kalvåg!
Vi legg vekt på tradisjonsrik fiskemat, i tillegg likar vi å finne på nye rettar basert på dei råvarene vi finn i havet rundt Kalvåg.
Ta turen innom restauranten - vi skal nok finne det rette for akkurat deg.
Ta gjerne kontakt for avtale utanom ordinær åpningstid!
Vår kapasitet på selskap er ca 250 personar.