Kystkommunen Bremanger har særs variert natur, frå det golde kystlandskap til frodige landbruksbygder og ville, vakre fjell og brear i indre delar av kommunen. Bremanger ligg på grensa mellom Nordfjord og Sunnfjord. Kommunen er delt i to, indre og ytre Bremanger, høvesvis fastlandet og øyane Bremangerlandet og Frøya. Dei to øyane har brusamband og er vidare knytt saman med fastlandet gjennom ferjesambanda Kjelkenes og Smørhamn. Indre delar av Bremanger har ferjefritt samband med Florø og Førde, og ferjesamband over Nord-fjorden ved Isane. Elles har kommunen godt samband sjøvegen med snøggbåtar både sør- og nordover.
Næringsgrunnlaget i ytre delane av kommunen har tradisjonelt vore knytta til fiske og fiskeforedling, noko kystkulturen ber preg av. Det best bevarte og største sjøbruksmiljøet finn ein i Kalvåg, men òg i Bremangerpollen finn ein att mange sjøbuer og naust. Dei to handelsstadane Rugsund og Smørhamn frå 1600-talet
fortel om ei tid då sjøen var den viktigaste samferdslesåra. Bremanger er den største
hjortekommunen i landet, og dette vakre dyret er ikkje noko sjeldsynt.