Vil du oppleve noko utanom det vanlege?
Ja, då er overnatting på ein fyrstasjon noko for deg. Kvanhovden Fyr ligg like utanfor Florø, ca, 30 min. køyring med båt. Ytst ute i havgapet, kor himmelen går i eitt med havet, finn ein fyret. Heilt oppe på ei klippe ligg huset, og herifrå har ein eit utsyn utover sjøen som ikkje kan skildrast med ord. I fint vêr kan ein sette seg på terrassen utanfor huset, og nyte solnedgongen og roen. Men dersom vinden bles som allar krappast er opplevinga endå større. Ein føler seg liten når bølgjene slår opp over stuevindauget, man samtidig svært trygg inn ei eit fyrtårn som har stått mot stormar og vind i over 100 år.
Huset er enkelt innreidd, men kun det nødvendigaste, med plass til 15 personar, fordelt på fleire rom.