Nordfjord Skisenter ligg på Harpefossen i Hjelmelandsdalen. Det er eit allsidig skisenter med eit variert og rikt tilbod til alle som likar aktivitetar på ski eller snøbrett.
- 5 heisar og 8 nedfartar
- Eige område for snøbrett og skileik
- Stort område for laussnøkøyring
- Varmestove med rimeleg servering
- Flomlys i hovudtrase, terrengpark og skileikområde
-Utleige av skiutstyr og snøbrett. Preparering av ski og sal av utstyr. Lån av hjelm er gratis.
Harpefossen ligg i eit område som eignar seg godt som utgangspunkt for toppturar. Fjellområdet på nordsida av dalen som grensar mot Bjørkedalen og Dalsfjorden, har dei fleste og høgste toppane. Fjellområdet på sørsida av dalen som grenser mot Haugen, Nordfjordeid og Hjelle har på sin side ei flott utsikt over Eidsfjorden, og du kan gå over til Nordfjordeid via Fossane og Myklebustsætra.
Toppen av skitrekket er eit godt utgangspunkt for fjellturar på nordsida av dalen. Vill du rett til topps ligg Storegga (960 moh) ovanfor. Frå Storegga er det god utsikt over Hjelmelandsdalen og Haugen med eit flott rensel ned til Smørdal. Dei fleste føretrekk likevel å gå innover fjellheimen og der finn du toppane Steinegga (1050 moh, 2 timar), Ljosurdegga (1205 moh, 3 timar), Sandegga (1230 moh, 3 timar). Frå Ljosurdegga er det eit fint rensel ned att på Naustdalsætra med ei fallhøgde på 900 meter. Dei spreke kan gå via Sandegga til Hjelmeland eller Remmedalen (5 timar).
Alpepass - 1 skikort - 6 skianlegg
Med alpepass kan du renne i seks skianlegg; Stryn Skisenter, Harpefossen Skisenter, Strandafjellet Skisenter, Sunnmørsalpane Skiarena Fjellseter, Stordal Alpintsenter Arena Overøye og Ørsta Skisenter.