Annonser

Skriv utSkriv ut

Kinn Gjestehus


GPS koordinater
Breddegrad: 61.564328665
Lengdegrad: 4.7696113586
Transportbeskrivelse
Båt: Båt 14-639 eller 14-640: Florø-Kinn
Fasilitetar

Kjøkken og hushold

Vaskemaskin


Romfasiliteter

Dusj / varmt vann, Kjøkken


Sesong

Åpent etter avtale


Kontakt
Adresse:
6912 Kinn

Telefon91581178
E-postmail@kinnguide.no
Webwww.kinnguide.no


Beskrivelse
Kinn Gjestehus er eit bustadhus frå 1951 som er omgjort til gjestehus frå 2007, etter at det vart utført omfattande vedlikehald av mellom anna VVS og elektriske installasjonar. Huset ligg ca 800 meter frå kaia vestover mot Kinnakyrkja.

Kinn Gjestehus har kapasitet på 8 senger fordelt på 3 soverom med litt ulik størrelse. Alle rom har havutsikt. Pris for leige av huset er kr 1000 per døgn. 50 kr for leige av sengetøy.

Huset kan også nyttast til bevertning for grupper opp til 16 personar. Ta kontakt med Kinn Turistservice for prisar.

ROM-BESKRIVELSE

Huset har 3 utleigerom i loftsetasjen. Hovudetasjen inneheld kjøkken, stove, leserom, bad og gang. Romma i hovudetasjen har god standard med lyse og trivelege fargar. Loftsetasjen har WC og 3 soverom, som har enkel standard med nye, gode senger. Sjå bilder frå interiøret her.

Kjøkken

Kjøkkenet er godkjent av Mattilsynet og vert nytta i samband med bevertning, inklusive frukost og andre måltid til overnattingsgjester.

Stove

Stova vert brukt til bevertning og har kapasitet til (maks) 16 personar. Der er vedomn og på murveggen ved sida av er der eit stort vegg-maleri av den kjende kunstmalaren Harald Seim (1882-1975) frå Kinn, som laga maleriet på slutten av 1960-talet. Stova er halden i 50-tals stil, det same gjeld møblane. Store vindauge både mot sør og aust.

Leserom

I tilknyting til stova er der eit opphaldsrom med gode lenestolar, eit lite bord, litt litteratur og radio av god, gammal årgang. TV finst ikkje i huset ! Store vindauge mot nord og aust.

Bad

Dusjkabinett og WC

Soverom

Loftsetasjen har 3 soverom, to av desse har 2 senger. Det største er eit familierom med 4 senger.

WC

I loftsetasjen er der eige WC.

Relaterte produkter
Copyright © Magnus Torvanger

Flora

Fjord1 AS

Lokale ferjeruter og båtruter i Sogn og Fjordane....

Kinnaklova

Flora

Kinn

Heilt ute i havgapet ligg den irrgrøne, grasdekte øya; Kinn. Områda rundt Kinn var det sentrale sildefeltet i Norge i store delar av 1800-talet. På det meste budde det ca. 15 000 menneske her og på omkringliggande øyar i sildesesongen. I dag er det 9...

Kinn

Flora

Kinnaklova

Heilt ute i havgapet ligg den irrgrøne, grasdekte øya Kinn. Områda rundt Kinn var det sentrale sildefeltet i Norge i store delar av 1800-talet. På det meste budde det ca. 15 000 menneske her og på omkringliggande øyar i sildesesongen. I dag er det 9...

Kinn

Flora

Kinnakyrkja

Kinnakyrkja Kinnakyrkja er bygd i stein, truleg ein gong på 1100-talet. Det er den eldste og einaste i sitt slag i Sunnfjord, og eit av dei flottaste mellomalder-monument på Vestlandet. Ho var hovudkyrkje i Kinn prestegjeld fram til 1882, då det vart...

Copyright © Kinnaklova

Flora

Guida vandring på Kinn

Kinn Turistservice tilbyr guida vandring på øya frå kaia til kyrkja - ein tur på omlag 40 minutt i roleg gange langs ein vel 1 km lang grusveg. På turen får du mellom anna høyre om dei store sildefiskeria ved Kinn. I kyrkja, som er ei av dei eldste i...


Kontaktinformasjon

Visit FjordKysten AS
Strandgata 42
6900 Florø
E-mail: mail@fjordkysten.no

Sunnfjord Næringsutvikling
PB 133
6801 Førde
E-mail: post@sunnfjord.no

Turistinformasjon

Flora Turistinformasjon: +47 57 74 30 00

Førde Turistinformasjon: +47 57 82 22 50

Jølster Turistinformasjon: +47 57 72 85 88

Kalvåg Turistinformasjon: +47 48 14 04 88

Svelgen Turistinformasjon: +47 917 41 562

Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll: +47 57 73 90 20

 

FjordKysten_web_svart